29 november 2006

Ferdig. Vi er ferdige! Eksamensoppgava ligg no fint i ei mappe, klar for levering før kl. 11 imorga. Dei to siste dagane har vore rimeleg hektiske.
Frå morgon til kveld har Ester, Inger Lise og eg vore benka rundt kjøkkenbordet. Døvekyrkjer, døvekultur her og der, gode og dårlege argument. Ja. Rett og slett, eit herleg køyr. Kjekt også. Endelig har eg gjort noko meir enn å seie at bilen er raud, på teiknspråk vel og merke. Eg er fornøgd. Dette er den første oppgåva vi på gruppa har skrive etter VGS. Det merkast. Uansett. Mykje slit, mest morosamt.
Slik kan det sjå ut, når teiknspråkstudentar arbeider flittig.


Ester og Inger Lise arbeider flittig?!
Legg merke til putene på stolane. Dei er harde. Stolane altså.

Inger Lise snakkar med Stein Mydske i Bibelselskapet. (Smiler du Eirik?)
Eg er telefonstativ. For eit herleg samarbeid!

26 november 2006

Igår fekk eg verkeleg testa ut leiligheta, og kva den rommer. Det er bevist at det er plass til 11 personar på kjøkkenet, og at enda meir gledeleg, at eg har nok stolar til 11 stk, dersom ein tek i bruk kjøkkenstolane - 4 stk, kontorstolane - 2 stk, krakkane - 2 stk, siestaane - 2 stk og hoppeballen!
Koseleg med besøk, sjølv om eg og Christine kom på delt sisteplass i Ticket to Ride. Likevel skal det vere sagt at vi var best når det kom til oppdraga. Kjekk kveld ja.


Før - Gult kjøkken, raud gardin og mykje å pakke ut

Etter - Nyoppussa kjøkken, kvitt og fint, steikje fine gardine, og ein skokk med folk

PS: Eg er fortsatt like dårleg til å lukke skapdørene.

25 november 2006

Pappas prinsesse


Julefest. Gårsdagen var fantastisk! Hadde en super kveld på KRIK sin julefest. Velg å omtale den i stikkordsform, og lar bilda tale for sej sjøl etterkvart.

Kom for seint. Seint men godt. Sko i haug. Guttane finn sko + dame. Kavaler. Polynese. Lang middag. Koldtborg. Riskrem + mandel. Juletregang. Lite juletre. Mange folk. Jordes juletregangformel! Underholdning. Kaker. SWING! SWING! SWING!

Mej og Thomas - kveldens kavaler

Nok ein solskinnsdag for Solveig og Øyvind

22 november 2006

Lita kjapp oppdatering frå livet mitt. Kanskje interessant, evt ikkje.. Uansett. Akkurat no sit eg på eit lite rom på Rotvoll, Stille Lesested står det på døra. Her er ingen andre, og sjølv om det berre er meg her er det ikkje akkurat stille. Eg skriv eksamensoppgåve, syng høgt til Siter Act 2, og kosar meg glugg i hjel. Livet er mykje lettare enn i forgårs då eg trudde at vi seriøst kom til å stryke på oppgåva. No ser eg lettare på det heile, og tenkjer at døvekyrkja sanneleg er interessann! :)

Dette er dama si det - Mi store heltinne over fleire år

Elles var det siste kursdag i swing i går. Eg gler meg til fredag, som ei prinsesse gler seg til sitt første ball. Trur det blir knall, og at ballkortet mitt forhåpentlegvis ikkje vert tomt :p

18 november 2006

Direkte inne frå helgetur til Sandane. Ej storkosa mej. Simen, min nev, vart 2 år i går. Dette feira vi med bursdagstrening, bursdagsgaver, bursdagssang og bursdagsselskap! Mormor og morfar, altså mamma og pappa, kom på besøk, + ca 12 andre! Stor stas. I dag har eg og Simen trena kjempemasse. Og han har vore kjempeflink! Heia Simen! Heia Doman-metoden!
I kveld har Simen hatt prateshow og Christoffer (den eine som jobber med Simen), har vore her og spist middag. Koselig. No får Simen kveldsmat, og eg har litt tid til å oppdatere.
Snart natt, og tid for soving. Eller ikkje?

Heidi og Simen - mm.. bursdagskake!

12 november 2006


Sudan - Team SUD07

På biletet ser du Sudan. Afrikas største land. 8 gongar så stort som Noreg, og 1/4 av USA. Og dit skal eg. Eg skal dit!! Til sommaren reiser Ingrid Austeng, Per Aaslid, Hans Jakob Hunnes og eg på Team frå Global-KRIK Trondheim, til Yei og Morobo i Sør-Sudan. Dette vert kjempespennande! Her skal vi arbeide for å føre Chrisc (Christian Sports Contact) vidare. Litt kjapp fakta..

Sudan har mellom 35 og 40 millionar innbyggjarar. Og er eit land der ca 70 % er muslimar, 5 % er kristne, og 25 % har forskjellige stammereligionar. Ca 40-50% snakkar arabisk, resten snakkar diverse stammespråk. Sudan blir styrt frå Khartoum som er hovudstaden. Det svært mange tenkjer på når dei høyrer om Sudan er Darfur, og sultkatastrofen. Og på borgarkrigen som varte frå ca 1956 - 1972, og som starta opp att i 1983 då den arabiske regjeringa innførte Sharia-lova. Dette vart så klart eit stort problem for alle dei som ikkje hadde tilknytning til Islam. Men i 2005 vart fredsavtalen skriven under. Og i 2011 skal det vere ei folkeavstemming, der ein bestem om Sudan skal delast i to. Kanskje vil då Sør-Sudan skilje seg ut, og bli ein eigen sjølvstendig stat. Situasjonen idag er både og. Uroligheter finnest. Men Sør-Sudan, dit vi skal er forholdsvis rolig.

I helga har eg vore på hyttetur saman med årets team, og fjorårets. Ei fantastisk kjekk helg, som eg kan oppsummere slik..
.. fredag: kald hytte, tom gassbeholder, kortspeling, gitarspeling, pannekaker og kakao
.. lørdag: faglig, ut på tur, ny gassbeholder, varm hytte, faglig, taco, speling, swing, kakao og boller
.. søndag: sove lenge, lang frokost, faglig, swing og middag

Eg har hatt ei kjempekjekk helg!

Solveig, Karl Edvard og Per - Sud06 og Per, Ingrid og Hans Jakob - Sud07

08 november 2006

På grunn av ein svært morosam kveld i går, les førre innlegg, fekk eg så lyst å poste ein gamal logg frå juni, då eg tilbrakte fleire dagar som eksamensvakt på Sykkylven Ungdomsskule, og på Sykkylven Vidaregåande skule. Denne loggen er frå ungdomsskulen.

Eksamensvakt

0905: nok ein dag
1209: 3 har levert - eg har blitt omtala som den blonde kvinna ved kateteret, i ein av stilane *stolt*
1210: eg drikk 24, lettmelk med sjokoladesmak, ikkje verst
1212: ein legg jakka si under det eine beinet på pulten, no vippar ikkje den lenger
1216: 24 smaker verkeleg godt
1217: han som sit rett framføre kateteret får eit nytt innføringsark
1225: 4 leverte på ein gong - action!
1242: nok eit innleveringsrush
1252: ein gut har eit hol under eine arma i t-skjorta
1300: så søtt, ein har skrive om sin tapte kjærleik
1301: berre tre igjen
1302: må på do, har drukke ein 1/2 l 24, lettmelk med sjokoladesmak
1304: kan ikkje dei berre verte ferdig då?
1311: vidar berg, min gamle mattelærar er også omtala i ein av stilane
1319: ein mann går på taket på huset over vegen
1326: ein av hovudpersonane i ein av stilane heiter det same som min far (heider og ære til den som veit kva han heiter ;)
1357: har vore på do. det gjekk strålande!
1410: ei att
1413: lei no
1419: nytt innføringsark? aah.
1430: jaaa - ferdig

07 november 2006



Kveldsøkt med søstrene Haugen:

2115: Solveig står i dusjen, ropar til meg at eg skal sjekke om vaskemaskina lekk sidan pakninga er gåen. Det gjer den.
2117: Eg går ned i kjelleren, igjen. Hentar opp Hatting rundstykker. Setter vaskemaskina på sentrifugering.
2118: Legg rundstykka i ovnen. 12 min å vente.
2120: Solveig er ferdig å dusje. Hører Schistad (husvert) i gangen, stikk hovudet ut og informerer om at vaskemaskina lekk. Han skal vurdere om det vert ny vaskemaskin til helga.
2121: Schistad spør om vi vil ha kake. Det vil vi.
2123: Kake nytast. Sjokolademoussekake med mørk sjokoladekakebotn og vaniljekrem.
2130: Kveldsmat. Rundstykka er ferdige.
2131: Vi syng "O du som metter.." høgt, som vanleg.
2131 - 2135: Lang stillhet. Kveldsmat er godt.
2135: Eg seier at eg får ei viss tilfredsstilling av å bruke opp ting, i samband med at eg skraper det siste smøret ut av bordpakningen. Og byrjer videre å ramse opp paragraf 9 i speiderlova: "Ein speider er nøysom og prøver å klare seg sjølv."
2136: Solveig og eg syng speidarbøna i kor.
2137: Solveig seier at det er nok med ein k i nok. Eg seier, det er aldri to m'ar i men.
2138: Vi ler. Og eg skriv blogg.

Saga er bra!
Saga er toppen!
Saga er varm mat, som gjør godt i kroppen!
Saga for alle, Saga for meg!
05/06 er best synes jeg!

Fjorårstreff i helga va ingenting anna enn fantastisk. 119 frammøtte! Imponerande.
Lar bilda tale for helga ej :)


Silje og Liv Elise

Ingeborg / Bingo Lie og Tone

Karianne og Anna

Silje, Yun fra Kina, Hanna og Ingeborg

Øyvind, ej, Martin og Christoffer - KRIK for evig

Ej og Silje - Sunnmøringane

Erlend - Go'gutten!

02 november 2006

Vassfjellet:
Sist oppdatert
2006-11-02 00:11:00
Værtype
Lettskyet pent vær
Snødybde (bunn/topp)
35cm / 60cm
Temperatur (bunn/topp)
-1° C/ -1° C

Sesongopning i kveld! Og eg er uten tvil heldig, for eg kjenner folk med bil! Vi skal på ski! Sesongens første telemarktur. Kan det verte betre, vi skriv jo faktisk berre 2.november!
Det snør, det snør!
Vassfjellet - here I come..
Iii!