30 januar 2007

Klar melding ut!
Hugsar de då Trond Viggo Torgersen var barneombod? Det gjer eg. Spesielt hugsar eg Klar melding ut. Der kunne ein sende ei klar melding inn, for så å få eit klart og godt svar tilbake. Svara på Klar melding inn, brukte å stå på side 410 (trur eg), på tekst-TV på NRK. Dette var fast lektyre for meg, når eg skrudde på TV-en. Har lært mykje av desse klare meldingane, både inn og ut. Typiske spørsmål kunne vere. Mamma og pappa skal skiljast, kven skal eg bu med? Korleis skal eg unngå å såre ein av dei? Eller. Eg er sjalu på venninna mi, for ho har nett fått seg kjærast. Kva gjer eg? Også vidare.. Som barn hadde eg heldigvis ikkje store problem, og slapp difor å sende klare meldingar inn.



Men no, har eg tenkt å opprette ei Klar melding ut-spalte her på sida mi. For tida skulle eg ynskje at det berre var å sende ei Klar melding inn, og deretter få eit godt svar på tekst-TV på side 410. (Det som er leit, er at denne sida ikkje eksisterer i dag.) Eg har ikkje som mål å svare på problema til de som les dette. Men heller som ei spalte der eg kan få gi uttrykk for kva eg tenkjer på.

Dagens klare melding ut, og eg stiller den som eit spørsmål. Så det vert det på ein måte ei klar melding inn..:
Korleis skal ein overvinne døgnets 24 timar? (Når eg må sove minst 8 av dei, og då berre har 16 t igjen.) Kva gjer ein for å strekkje til? Korleis skal ein få tid til det ein vil, og tid til dei ein vil dele tid med, slik som t.d. gode vener?

29 januar 2007


Gratulerer med dagen, Mamma!! Gla i dej!
Anders. I går fikk eg ei koseleg melding på msn. Blix var i byen! Dette resulterte i ein koseleg frukost i dag. All ære til deg Anders som sørgjer for å opprettehalde kontakta. Tusen takk for eit koseleg besøk, og tusen takk for at du har redda lunsjen min i to dagar framover. Ingenting er vel som ein ekte KRIK-linjedag-lunsj. Du veit vegen til magen min. Mest mogleg sjokolade. Litago og Duo-sjokolade-yoghurt. Fantastisk! God tur heim att. Lovar snarleg gjensyn på Grønland.

28 januar 2007


Byrjer med ei kjapp oppsummering av forrige blogspot. Eg gledde meg til å reise på ski. Det var ein fantastisk kveld. Einaste jente som eg var, så hadde eg nok med å henge på og kjenne på prestasjonspresset. Ei oppfordring til alle jenter som les denne bloggen, spesielt Christine. Bli med meg på ski! Men ja. Kvelden starta med to gode fall, resultatet av det eine ser de over. Har fått mi første antydning til blåauge. Og eg tykkjer det er heise tøft! Ein av gutta, lissom..


I helga har det vore Impuls her i Trondheim. Laurdagskvelden stod eg på stand for KRIK. Fole kjekt. Vil du bli KRIK-medlem? Sjekk krik.no. Elles som nemnt, så har eg jo fått meg kamera. Og det er fryktelig artig. Bileta vert tatt i fleng. Ovanfor kan de sjå Martin i gang med å teste curling-bordet som vi hadde på standen. Ein sikker hit. Og på biletet under testar eg kor god refleks det er i KRIK-frisbeen. (Skrivast det eigentleg slik?) Tykkjer det er ein ganske god refleks.

Marianne mi, var med som medarbeidar på Impuls. Godt jobba.


25 januar 2007

I yr glede over at eg skal på ski i kveld, legg eg ut nokre bilete frå forrige sesong!
Dette vert 3. gong denne sesongen. Eg gler meg.

Målet er vel å få til eit kulare triks enn dette?!

På vei opp på Ausekaret i vinterferien..


På appelsinhøgda.. Hytta vår i bakgrunnen!

22 januar 2007

Kollektive transportmiddel. Desse har vore mine næraste vener i den siste tida. Team Trafikk, Fjord1, NSB, SAS og Norwegian. Desse er vener eg stadig vekk nyttar. Men i seinare tid, faktisk akkurat i dag, kjenner eg at eg byrjer å verte litt irritert. Og å vere irritert på venene sine, er ingen god ting.
Grunnen til at eg har vorte irritert, og då først og fremst på Team Trafikk, er at eg i dag brukte over 1,5 t til skulen. Etter nattevakta mi i natt, kvilande nattevakt vel og merke, sette eg meg på bussen frå jobben, som er omtrent på Heimdal. Tenkte med meg sjølv. "Digg, no rekk eg bussen som går 0755 frå byen!" Men neida. Klokka halv ni var eg i byen, og då var fortsatt ikkje bussen som skulle ha gått 0810 kome. Dette, i tillegg til at eg allereie var ganske kald på beina (treng nye vintersko), pluss at eg måtte stå resten av vegen frå byen til skulen, og i tillegg bruke over 1,5 t på å kome meg hit, gjer at eg er litt irritert på Team Trafikk.
Men det kanskje største problemet er at det ikkje er Team Trafikk si skuld, fordi det hadde vore ei ulukke på innfartsvegen til Trondheim. Og då har eg plutseleg ingen å skulde på. Det gjer meg og litt irritert.
Uansett. No veit de meir om kva som har skjedd denne morgonen min. Det fine er at eg enno ikkje har starta på skulen. Så eg slapp i alle fall å kome for seint.

18 januar 2007

Beklager. Eg lovde jo, på tru og ære, å ta i bruk kameraten min her på bloggen! Men eg har vore heller dårleg til det. Difor vert dette ein aldri så liten biletblogg. Dessutan kan det kanskje vanke ei og anna historie knytta til biletet. Enjoy!

Kven kan vel motstå invitasjonen til jentekveld hos Tonje og Ester? Ikkje eg i alle fall. Og ikkje når dette er det som står på menyen, i tillegg til den fantastiske browniesen hennar! Det var ein bra laurdagskveld! Åja!

Etter eit halvt år som naboar, var det på tide å invitere Ingeborg på middag! Fiskebollar i heimelaga kvit saus, poteter og raspa gulrøtter stod på menyen. Eg tykkjer det var godt, og håper inderleg at Ingeborg også gjorde det. Det er nemlig Ingeborg sin favorittrett..

Solveig har hatt eit prosjekt denne hausten. Det har gått over svært lang tid. Allereie etter ei veke starta denne å miste både blad og grønfarge. Eg seier berre ein ting: IKEA. Men Solveig har tatt denne planten under sine vingar. Målet var å få tilbake grønfargen. Det har dessverre ikkje skjedd. Dette har på mange måtar vore ei tolmodsprøve for meg. Og mi tolmod er no over. 5 mnd vart for lenge. Difor har eg no tatt affære, og planten har flytta ut i søppelkassa. Takk for no!

Som dei fleste andre studerer også eg. Kor aktivt er eit spørsmål andre får svare på. Men ja, eg tek berre eit årsstudium i år, og trivst godt med det! Dette er ein av båsane på teiknspråklaben. Her vert mykje tid nytta. Når eg skal filme meg sjølv fortelje t.d. Karlsson på taket, Pannekaka, Mannen og Hunden, eller korleis eg hadde det i juleferien. Trangt og godt!

Ja. Det var litt av livet mitt! Elles har denne dagen vore kjempebra! Starta med veiledning av videoen der eg fortel om juleferien min, på skulen. Deretter har eg vore å klatra på Dragvoll saman med Anders. Kjekt! Lærte mykje nytt idag! Og så må eg nytte anledninga til å gratulere Marianne med dagen! 20 år! Hurra! Håper du vert glad for gåva! Glad i deg! Og i alle andre!

14 januar 2007

31. desember 2006: 1350 ungdommar på Explore er samla til nyttårsmesse i Håkons Hall på Lillehammer. Elektrisk stemning. Fantastisk lovsang. Mange kjentfolk. Gode venner. Halvtimes nattverd. Kjell Markset. God forkynning.

Nøyaktig 14 dagar etterpå.

14. januar 2007: 10 personar er samla til gudsteneste i Døvekyrkja i Trondheim. Eg er den einaste under 60. Eg er også den einaste som syng til salmane, i tillegg til presten. Ingen kjente. Alle får plass rundt nattverdsbordet samtidig. Men fortsatt er det god forkynning.

Tenk at det verkeleg kan vere så forskjellig. Men samstundes så likt.
Explore har alt. Lovsangsband. Gode forsongarar. Dyktige talerar. Fancy filmar. ++
Døvekyrkja har ein prest, som speler alle rollene. Han er talar, tekstlesar og forsongar. Og i tillegg skal han kommunisere på eit språk som ikkje eingong er førstespråket hans.
Utrulig stor forskjell. Samstundes heilt likt.

Fokuset er på ein og samme person, Jesus.

Jesus Kristus, er i går og i dag den samme, ja til evig tid. Hebr, 13,8

11 januar 2007

Forrige blogpost presenterte eg min kamera(t). Men det har seg faktisk slik at eg i tillegg til han, har enno ein kamerat. Han heiter Tor.O. Vi er svært gode vener. Noko som er kjekt med gode vener er at ein kan invitere kvarandre på besøk for å finne på noko kjekt saman. Tor.O. er svært ofte på besøk hos meg. Og når han er her, er det som oftast på middagsbesøk.
Du har sikkert fatta poenget no, og for at du skal sleppe å le (evt. ikkje le) av mine smådårlige ordspel, så skal eg komme til saken.

Toro. Kva skulle eg gjort utan deg? Slagordet er Toro – en verden av muligheter. Og eg bøyer meg i støvet. Umåtelig mange moglegheiter. Som student er det heilt herlig å kome heim i leiligheta, vite at der ligg noko godt frå Toro i boksesystemet i den store brune kjøkkenhylla. Ja, dei to første boksene frå høgre kan likså godt kallast Toro-boksane. Det er der produkta bur.

Boksene inneheld mange produkt. Ica Maxi hadde Toro-sal i haust ein gong, og som god Sunnmøring hadde eg med sekken, og handla det eg vann. Solveig og eg lev fortsatt godt på det. Byrjer du å verte nysgjerrig på kva som er i boksane? Eg vart det eigentleg litt nysgjerrig sjølv. Best å ta ein kikk..

I stigande rekkefølgje:
½ pose Bergensk Fiskesuppe
½ pose Tomatsuppe med makaroni
1 pose Kremet Blomkål- og brokkolisuppe
1 pose Langpannekake
1 pose Raspeballer
1 pose Rett i Koppen Blomkål- og Brokkolisuppe
1 pose Rondane Viltgryte
1,5 pose Bretagne Kylling Saus med paprika og kvitløk (1/2 pakke er nok for 1)
3 posar Vilt Saus
4 posar Carbonara Pastasaus
8 posar Bernaise Saus (Solveig sin favoritt)

Men ser at det er mykje som manglar før Toro-boksane vert komplett. T.d. brownies, lasagne, pizzafyll og sjokolademousse type daim + +

PS: Eg starta på denne posten mens pizzaen stod i ovnen, trur eg vart særs inspirert av den gode matlukta, i tillegg til at eg kjente svolten langt ned i magen.
PS2: Det kan jo no sjå ut som om at eg er eit særdeles stort matvrak. Til mitt forsvar. Eg er ei av dei mange tusen som startar opp med trening med hyppigare frekvens no etter nyttår!

08 januar 2007

Godt nyttår! Og takk for det gamle!

Som de sikkert har forstått, har eg tatt meg ein god og lang ferie frå bloggen min. Eg trengte det. Men no er eg tilbake i Trondheim. Skulen starta idag, rett på med repetisjon frå haustsemesteret. Det var naudsynt. Kven skulle trudd at eg hadde gløymt kva teiknet for søndag var?! Uansett. Eg er tilbake. Og klar for å poste, det som skjer, når det skjer.
Det har skjedd litt av kvart i livet mitt sidan eg posta sist. Eller, etter nærare ettertanke, eigentleg ikkje så mykje. Difor gidd ikkje eg å ta ei oppsummering av det.
Men det må nemnast at eg storkoste meg på Explore. Fekk ein dag i bakken der. Heime var det ikkje snø, difor lite ski. Er meir enn klar for å få stått no.
Elles er det ein anna stor ting som nyleg har skjedd i livet mitt. Eg har fått meg kamera(t).

Min nye kamera(t)!

Dette vart ein svært uryddig post. Men lover å kome sterkare tilbake med kjekke oppdateringar. Dessutan vil eg og min nye kamera(t) bruke mykje tid til å forevige det som skjer. Det vert kjekt! Ha ein fin kveld.