23 desember 2007

23. desember: Snart jul, og eg tenkte at eg skulle prøve meg på den noko oppbrukte?! sjangeren julebrev. Likevel tykkjer eg det er koseleg å gje eit lite livsteikn frå meg, og oppsummere året som har gått. No vart det ikkje ein veldig fyldig adventskalender på bloggen. Mykje å gjere, og minimal blogglyst kan nok kanskje vere grunnen. Dersom eg no i staden for skriv eit litt lengre innlegg, kan det kanskje bøte på skuldkjensla.

For meg har det vore eit innhaldsrikt år. Det er jammen meg det verdt blogginga, som eg gjorde meir eller mindre fast fram til sommaren. For det er ikkje lett å hugse alt en har vore med på.

Kom fram til etter litt kjapp blogglesing frå januar at etter å ha vore på Explore på Lillehammer for 5. året på rad, kom eg opp att til Trondheim, for å ta til på eit nytt semester med teiknspråk. Elles var bloggen oftare oppdatert med bilete då eg hadde fått meg ein kamerat. Altså eit nytt digitalkamera. Vidare gjekk januar med til ski, vener og mykje henging med Hans Jakob. Mykje var gjort då Hans Jakob inviterte meg med på kino på fødselsdagen hans den 28. januar, og 6. februar, vart dette bilete teke. Då hadde vi vore kjærastar i to dagar!

Vidare i februar vann Sagavoll Angels 05/06 nattcupen til Student-KRIK Trondheim. Det var koseleg med besøk frå kjekke sagavollvenninner, som meistrar både volley, basket og fotball! Same kvelden skada Solveig seg i hovudet, då ho falt under oppvarminga. Pappa kom neste morgon, og Solveig låg på sjukehuset i ei veke. Det er godt å merke at familien stiller opp!

Mars kom med både volleyballtreff, 21-årsdag i Oslo og ein lang og god ferie hos dei same kjekke sagavollvenninnene og hos Marianne. Artig og treffe kjentfolk. Ferien i Oslo vart avslutta med Global-KRIK-samling, der dei ulike teama som skulle på utreise vart kjent og førebudde seg.



Så vart det påske, og den vart feira først på Stranda, der eg var med som leiar på KRIK-leiren OffPiste. Etter dette vart det fine dagar i Sykkylven og Volda, med skiturar i Sykkylven, men ikkje i Volda. Då eg var litt handikappa etter krasjen Hans Jakob og eg hadde på veg til Volda langfredag. Det vart ei roleg påske etter dette! Men vi fekk no med oss ein topptur, og ein fantastisk dag på Fjellsetra med pudderpumping. Kjekt!



I mai hadde dei fleste nok med eksamenslesing, men ikkje eg. Teiknspråk er eit lite teoretisk studium! Det har eg tenkt mykje på i haust. Eg feira 17. mai med godt samvit, var heime ein tur på rekonvalesens, ein tur til Sandane og besøkte Simen, og i skogen på tur med Hans Jakob. Deilig og ha ei roleg eksamensoppladning.


Men dei første dagane i juni vart meir hektiske. Då var det eksamensøving i kvar ein park i Trondheim. Fint ver førte til at vi var ute, og sat på mange ulike grasplenar rundt om i Trondheim, snakka med kvarandre og øvde fram mot eksamen. Det gjekk bra. Og rett etter denne bar det heim på jobbing i ei veke, før eg sat kursen mot det store utland.

Ingrid, Per, Hans Jakob og eg var representantar frå Student-KRIK Trondheim, og var dei heldige utvalde som fekk reise til Aust-Afrika i fire veker. Det vart ein tur med både oppturar og nedturar. Først var vi ei veke i Nairobi og Voi i Kenya. Der besøkte vi heimstadane til Hans Jakob og Ingrid, før vi reiste vidare derifrå og til Moshi i Tanzania. Vi var med på East-Africa-cup, som er Afrikas største fotballturnering. Etter ei veke reiste vi til hovudstaden i Uganda, Kampala. Der vart vi ei veke. Fekk med oss både rafting, turistmarknad og sjukdom, som gjorde at vi måtte utsetje reisa inn til Sudan med nokre dagar. Sudan var hovudmålet for reisa vår. Der var vi i ei veke. Vi gjennomførte leiartrening og instruksjon i ballspel for lokale leiarar i Christian Sports Contact (CHRISC). Det hadde nok vore kjekkare dersom eg ikkje berre måtte ligge i hytta, på grunn av sjukdom. Eg var nok mest klar av alle for å reise heim att. Og det er ei stund til eg kjem til å kjenne behovet for å reise ned att, men det var verkeleg ei oppleving for livet. Turen gjorde og sitt til at eg vart nøydt å investere i ein ny kamerat, altså nytt digitalkamera, då den trufaste kameraten gjennom 6 mnd gjekk frå meg der borte. Tilbake i Noreg vart nytt rosa digitalkamera innkjøpt. Fornøgd! http://sud07.blogspot.com/

Etter Afrika var det enno litt meir ferie att. Og godt var det. Tur i Tafjordfjella med familien, feiring av svoger Olav sin 40-års-dag, litt jobbing, og ein fantastisk sørlandsferie med Hans Jakob. Vi koste oss maks på Hansbu i Rondane med foreldra hans, på Lyngør, hos søstra og familien hennar i Homborsund og på den lange bilturen. Herlig!


Vidare var det igjen klart for nytt semester, Hans Jakob på medisin, og eg på anvendt språkvitskap, eller språkleg kommunikasjon for å seie det på den lette måten. Vi trivast begge to i Trondheim. Det er så kjekt å bu i same by, og med søster Solveig som min sambuar trivst eg som plomma i egget! I haust har eg ikkje vore noko ute å farta, men det har no skjedd litt likevel.


Vi har hatt besøk av søstra til Hans Jakob og familien hennar og av sagavolljentene. Vidare er vi med i KRIK, går litt i Salem, og er elles med kvarandre, med Solveig og med vener. Det er mange kjekke ting å finne på i Trondheim, mitt høgdepunkt var nok no i desember på WorldCup i hopp i Granåsen. Kjekt.

Hausten gjekk fort, eg trivst godt med det eg studerer, og Hans Jakob og. Gler meg faktisk til å starte på att etter nytt år! Det lovar godt. No rett før jul har eg vore ein tur til Sandane, og ein tur i Volda på førjulsbesøk. Her heime er Marianne, Solveig, mamma og pappa, farfar og eg klare for å feire jul. Det er så kjekt i år, eg skal ikkje arbeide noko og har berre fri. Det er herleg!

No er det vesle julaftan, og eg er meir enn klar for å berre slappe av, strikke, og sjå på Grevinnen og hovmesteren på NRK. Det er deilig med jul, eg gler meg, som alltid. Som nemnt i starten, høyrer dette blogginnlegget inn under sjangeren julebrev. Då vert det vel ganske naturleg å avslutte med nokre velvalde ord som kan minne oss om den eigentlege årsaken til at vi no har fri, og er heime for å slappe av.



Jesus vert fødd

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har glede i!»
Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.






Juleklem frå Elisabeth

14 desember 2007

14. desember: Ikkje ein gong oddetalsdag. Men idag er det akkurat ei veke sidan sist eg posta. på tide med ny post. Mykje har skjedd sidan sist. I går t.d. bakte eg julekaker saman med Lina, Hilde-Lise og Mali, og Reidun. Kjempekoseleg! Denne veka har og for det meste gått med til ex.phil-lesing. Har lest saman med Marianne. Og eg har kost meg! I morga er den store ex.phil-eksamensdagen. For sikkertheits skuld er eg ikkje klarert for å få gå opp til eksamen. Av ein eller annan merkelig grunn er eg ikkje registrert med to godkjente øvingar. Det er jo litt rart sidan eg faktisk har gjort begge to og fått dei godkjent. Så eg håpar på at eg får ta eksamen likevel. Eksamenskontoret sa det skulle gå greit. Jaja. Elles så reiser eg heim på mandag. Det skal verte deilig! Men før det er det julehandel, julekortlaging og diverse pakking. Om litt, når Hans Jakob er ferdig med psykologieksamen reiser vi på julehandel. Det vert kjekt! :) Ha ein flott dag alle saman. Kanskje kjem det ei oppdatering til?

07 desember 2007

7. desember: Hellenismen, Euklid, Ptolemaios, Ticket To Ride, Middelalderen, Augustin, klesvask, middag, brødbaking. Ja, slik kan ein dag sjå ut når ein les til Ex.Phil. Der er så mange og andre kjekke ting å gjere på.
Eg skal vel stå. Forhåpentlegvis!

05 desember 2007


5. desember: Ja, det ser ut som om det kun vert posting på oddetalsdagane. Uff da. Eg er litt ute av blogginga kjenner eg.

I dag har eg gjort ei oppdaging. Eg har fått timeplanen for våren. Kva er oddsen for at når eg med mine fire førelesingar i veka, og to øvingar, greier å få dei spreidd på alle dagane i veka? Joda, det går så fint det. I tillegg har eg undervisning frå 14.00 - 18.00 på fredagar. Slå den!
Menmen, eg får no jobbe og halde teiknspråket ved like i tillegg. Og det er no slettes ikkje verst. Og med ei førelesing til dagen skal eg nok greie å få lest litt og. Håpar eg.

Ha ein god dag. Eg ser snart at eg må gjere noko for å halde kvaliteten på blogginnlegga oppe.

03 desember 2007

3. desember, det er i dag det. Det tyder på at eg allereie, berre etter ein dag, ikkje greidde å oppdatere kvar dag. Jaja. Slik går det når eg er på farta, og ikkje har kontinuerleg tilgang på internett.

Helga var flott. Fine dagar på Sagavoll med jentene. Kjekt! Elles var ski på søndag, joda det vart kjekt det! Ikkje like fine forhold som de på Oppdal hadde, men likevel godt og mjukt i bakken, og ein god åpningstur for sesongen! I natt reiste eg frå Sagavoll til Trondheim på natt-toget. Det vart både kaldt og guffent, sjølv om eg hadde fleecepose.

I dag har dagen gått med til å stelle og stulle for Hans Jakob som går på krykker etter eit uhell på ski i går. Eg vert nok ei god husmor?! :p I kveld har eg vore på Global-KRIK-juleavslutning. Det vart både kort til Afrika, og julekrubbe av pepperkake. Bilete kjem seinare. Orkar ikkje meir no. Ha ei god natt!

01 desember 2007

I dag er det 1. desember! Det er 1. desember i dag! Tusen takk Solveig for flott refleks i kalenderen, no kan eg lyse heile desember.. ;)
Til alle dykk andre: Eg er på Sagavoll i helga, så dette vert kun ein kort post. Eg skal 1) kome med eit lite tips, og 2) gjere dykk grøne av misunning.

1) Dersom du er ein av dei som ikkje har fått adventskalender med søstra di, kjærasten eller med tre søte små gutar som du ein gong har passa, (som meg), kjøp deg ein pakke med nellikspiker, du finn dei i krydderhylla i butikken, og ein appelsin. Og gjer som Skomaker Andersen. Lag din eigen kalender!

2) Eg skal på ski i morgon. På Rauland. Eg skal kjøre i 20 cm pudder som har dala ned i dag. Eg gler meg. Rapport kjem kanskje i morga, viss eg rekk det før eg set meg på toget og tek turen tilbake til trønderhovudstaden, og til Hans Jakob og Solveig!

Ha ein god 1. desemberskveld.