10 april 2008

3. januar 2009: Då skjer det!

Siste blogginnlegg handla stort sett om det same som dette.
Forlovelse, giftermål og slike greier.
Til deg som lurer; 3. januar er datoen. Då skjer det!
Eg vert til Fru Hunnes ;)

20 februar 2008


Så er det sant. Eg er ei trulova kvinne. Festarmøya til Hans Jakob Hunnes. Det er rett og slett fantastisk! Fantastisk rart, fantastisk kjekt, fantastisk uvant, fantastisk utfordrande, fantastisk spennande, fantastisk godt, fantastisk. Eg er glad!¨

Det heile skjedde då eg og Hans Jakob reiste på "avbrekk-midt-i-februar"-tur til Paris. Etter ein lang dag i byen, gjekk vi på restaurant. Den 5.2.08, dagen etter 1-års-dagen vår. Deretter tok vi metroen til Trocadero, og gjekk til det flotte utsiktspunktet mot Eiffeltårnet. Kvar heile time glitrar Eiffeltårnet. Mange lys, og i heile ti minutt. Det var regn og vind, og vi hadde matchande regnavvisande Mammut-jakker! Flott.
Klokka 23:08 stirrar Hans Jakob meg djupt inn i augene. Går ned på kne og frir. Eg nikkar lenger, før eg får summa meg til å seie ja! Og vi er så glade! Så glade, så glade! Vi tek mange bilete, før vi tek metroen tilbake til hotellet, for enno fleire runder i Paris Ligretto-tevlinga.
Eit minne for livet, og eit minne som gjev meg livet med min kjære Hans Jakob!