3. desember, det er i dag det. Det tyder på at eg allereie, berre etter ein dag, ikkje greidde å oppdatere kvar dag. Jaja. Slik går det når eg er på farta, og ikkje har kontinuerleg tilgang på internett.
Helga var flott. Fine dagar på Sagavoll med jentene. Kjekt! Elles var ski på søndag, joda det vart kjekt det! Ikkje like fine forhold som de på Oppdal hadde, men likevel godt og mjukt i bakken, og ein god åpningstur for sesongen! I natt reiste eg frå Sagavoll til Trondheim på natt-toget. Det vart både kaldt og guffent, sjølv om eg hadde fleecepose.
I dag har dagen gått med til å stelle og stulle for Hans Jakob som går på krykker etter eit uhell på ski i går. Eg vert nok ei god husmor?! :p I kveld har eg vore på Global-KRIK-juleavslutning. Det vart både kort til Afrika, og julekrubbe av pepperkake. Bilete kjem seinare. Orkar ikkje meir no. Ha ei god natt!
03 desember 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Veldig spent på om det kjem en blogpost i dag.. Da kan du jo argumentere for at du som ein protest mot det stadige presset for å ha adventskalenderea med dyrt og velformulert innhold kun hadde tenkt å poste innlegg på datoa som e oddetal :) Dette som et ledd i nedtrappinga for neste år der innlegga berre kjem på adventssøndagane.
Legg inn en kommentar