Så er det sant. Eg er ei trulova kvinne. Festarmøya til Hans Jakob Hunnes. Det er rett og slett fantastisk! Fantastisk rart, fantastisk kjekt, fantastisk uvant, fantastisk utfordrande, fantastisk spennande, fantastisk godt, fantastisk. Eg er glad!¨
Det heile skjedde då eg og Hans Jakob reiste på "avbrekk-midt-i-februar"-tur til Paris. Etter ein lang dag i byen, gjekk vi på restaurant. Den 5.2.08, dagen etter 1-års-dagen vår. Deretter tok vi metroen til Trocadero, og gjekk til det flotte utsiktspunktet mot Eiffeltårnet. Kvar heile time glitrar Eiffeltårnet. Mange lys, og i heile ti minutt. Det var regn og vind, og vi hadde matchande regnavvisande Mammut-jakker! Flott.
Klokka 23:08 stirrar Hans Jakob meg djupt inn i augene. Går ned på kne og frir. Eg nikkar lenger, før eg får summa meg til å seie ja! Og vi er så glade! Så glade, så glade! Vi tek mange bilete, før vi tek metroen tilbake til hotellet, for enno fleire runder i Paris Ligretto-tevlinga.
Eit minne for livet, og eit minne som gjev meg livet med min kjære Hans Jakob!
9 kommentarer:
ÆÆÆÆæææææææ!!!
Det er så BRA!! Gratulerer SÅ mykje til begge to! Ææææ!! :D :D
Veldig glad på vegne av det trulova paret ;)
Takk så mykje! Vi er og glade!
Fantastisk Elisabeth! Gratulera så masse te begge to!!
Nå blei eg skikkeligskikkelig gla :D Gav meg en skikkelig gofølelse i magen. Herligt!
Må Gud velsigne dokke to..
Stor klem
Godt å se dere så utrolig glade! :D Håper dere snart kommer på besøk begge to! Vi i Oslo savner dekkan ;)
Gratulera så masse masse! Utruligt kjekt å hørra!
Håpe på å sjå deg på volleyballtreffet!:)
Har venta på at du skulle oppdatere sida di!
Betre nyheit må vi leite lenge etter!
Gratulerer begge to!!
mamma
Jeg snublet innom bloggen din i dag jeg, og det må jeg si!
Gratulerer!
Du, det er SÅ koselig! Gratulerer til dere begge to :)
Gratulere begge to og Guds signing:)
Sigve
Legg inn en kommentar