27 februar 2007

Eg ler høgt av Eirik sin kommentar på forrige blogpost. Han omtalar den noko like sveisen vi hadde ved 10-års-alderen. Heilt ut av det blå kom kommentaren, og eg ler. Rett og slett fordi Mamma (les forrige blogpost) ikkje berre sendte Karius-biletet, men også eit av meg på skitur. Skulle trudd at Eirik visste dette. Her kjem i alle fall biletet der eg lett kunne vorte tatt for å vere ein gut. Dessutan er solbrillene dei kulaste i verda. Snart er det påske!

26 februar 2007

I desse karnevalstider fekk eg idag ein fantastisk mail frå mamma. Ho engasjerer seg i bloggen min. Det stod skrive: "Vi kan ikkje vente på å sjå dette på bloggen!!"
Ha ein fantastisk dag. Klem fra Karius

18 februar 2007


Klar-melding-ut: T E R R O R - A L A R M!
Ser de det same som meg? Trondheim er ikkje lenger ein trygg by å bu i. Og spesielt ikkje for meg, som har Tyholt-tårnet som ein av mine næraste naboar.
Ein dag i førre veke var eg ute å gjekk, og naut sola som strålte mot meg. Brått var det som om sola forsvann, og eg såg mest alt i svart-kvitt, eller gråtonar om du vil. Verbet skremme - skremte - har skremt kan nok beskrive kjenslene eg har no. Eg er rådvill.
Kva er det som skjer? Kvifor siktar ein av kanonane på festninga mot Tyholt-tårnet? Kvar sikter dei andre kanonene? Er det fleire terror-mål her i Trondheim by?

15 februar 2007


I det siste har det skjedd så mykje at eg ikkje ein gong har fått tid til å oppdatere bloggen min. Men no kjem det ei aldri så lita biletkavalkade av, ja, eg trur den beste helga til no i Trondheim!
På biletet ovanfor ser du Sagavoll Angels 05/06. Vi vann nattcupen til Student-KRIK Trondheim. Fantastisk laginnsats av Hanna, Torhild (innlånt frå Nordfjord 05/06), Silje, Ingeborg, vingane mine og Tone! I midten ser de og pokalen som snart får Sagavoll 05/06 inngravert. Er ikkje det flott så veit ikkje eg!


Pause under aktiv shopping på g-sport.

Feiring av at vi vann nattcupen. Supre premiar. Eit gåvekort på 500 kr på Dolly Dimpel's. Ein fotball, som no har tilholdsstad i Torshovgata, Ferrero Rocher og den allereie mykje omtalte pokalen. På biletet ser du Tone, Silje, Torhild, eg og Hans Jakob!


Søndag var det tid for mykje middagsbesøk. I tillegg til Saga-jentene, kom også Ingeborg og Møyfrid frå Valdres 05/06 på besøk. Så kjekt. Takk til Ingeborg som tok med to ekstra middagstallerkenar! Det var nødvendig. Tuusen takk til alle sammen som gjorde helga mi heilt fantastisk! Ej kooste mej!

07 februar 2007

Juicy news
Like sikkert som at tida går, og at vi har runda nok eit nytt år (det rimte), er det at kjærestepara byrjer å poppe fram når dagane vert lengre, og overfladiske bekjentskap er forbi. Trondheim er ikkje noko unntak. Her har det den siste tida vorte fleire nye par. Eg vert like overraska kvar gong, for eg har jo ikkje fått med meg at desse personane har vore på g. Eller på gang, dersom du ikkje er kjend med uttrykket; å vere på g. Det vil altså seie at ein er på flørtern, eller at ein har kvarandre i kikerten o.l.
No kan eg opplyse om noko du kanskje ikkje visste. ”Kva er vel det”, tenkjer du no. Det skal eg fortelje det. Det har seg nemlig slik at ca. 5 desember så posta ein kamerat av meg ein blogg.

D r ø m m e d a m e var tittelen på denne bloggen. Og den starta slik.

Den gode kona, kven finn vel henne?
Meir er ho verd enn perler.
-Ordtøka 31:10

Etter dette verset kom dette oppfølgingsspørsmålet. - Kva er så den gode kona? Vidare sette han i gang med ei liste der han ramsa opp viktige, mindre viktige og totalt uviktige eigenskapar draumedama skulle ha. Når eg høyrer ordet draumedame, tenkjer eg straks på songen til Trang Fødsel. Der refrenget går slik:
”Vi vil ha en drømmedame, en effen, fjelg og fin dame, en sånn som man kan se på kino.
En dame man er stolt av, en kom-og-se-på-meg-dame, som ikke trenger å si no’.”
Heldigvis er det ikkje desse eigenskapane han ser etter. Eg postar lista hans her. Og tykkjer at den var ganske bra. Prøver difor ut om eg kan passe inn.

Viktig:
Må kunne lytte til og bry seg om andre menneske.
Det med lyttinga, ja, de som kjenner meg verkeleg godt, veit jo at eg av og til har litt problem med å få med meg alt det andre seier, på grunn
av visse handicap. Men at eg bryr meg om andre, det håper eg de veit!
Kjenne Jesus Kristus.
Ja!
Vere trufast. Mot seg sjølv og andre.
Check.
Gje rom for andre i sosiale samankomstar.
Det er nok kanskje på dette punktet eg møter dei største utfordringane. Som minstemann i ein søskenflokk på fire, er eg van med å sloss for merksemda, og det sit godt i. Jobbar no med dette.
Kjenne sine svake sider, vere open om dei.
Check.
Kjenne sine sterke sider, vere stolt av dei.
Ok.

Mindre viktig:
Vite kva som er opp og ned på ein volleyball/skistav.
Trur eg kjem inn under denne kategorien.
Kunne la seg begeistre.
Eg vart overlykkeleg her ein dag då eg fann ein yoghurt i kjøleskapet som eg gløymte at eg hadde. Takk Blix. Det er dei små gledene i livet som tel mest. Små barn, små gleder!
Ha minst ei allversjakke. Og ikkje meir enn tre.
Har ei. Svart Marmot. Svært god kvalitet. Silje Grimstad har tre. Men ho har jobba i sportsbutikk.
Like å plukke neter (nøtter) om hausten.
Dette punktet gler eg meg til å gjennomføre. Har aldri plukka neter om hausten.
Like å gå barbeint om summaren.
Det er godt med sommarhud under beina. Då kan ein springe på singelen på hytta, uten at det gjer vondt. Men no har det nett kome fin platting der. Takk pappa!

Totalt uviktig:
Moteriktighet.
Usikker på den altså. Kjører eigen og komfortabel stil.
Svømmekunnskapar.
Godt er det at dette er totalt uviktig. Ikkje det eg scorar høgst på. Men har nett kjøpt ny badedrakt. Svart.
Popularitet.
Ja, dette er verkeleg eit totalt uviktig punkt.
Alder (neida).
snart 21
Skostørrelse.
38

Veit virkeleg ikkje om nokon har forstått kva det er eg vil fram til her. Det eg prøver å seie er at eg har fått meg, (kremt), kjærast. Tada!
Hans Jakob Hunnes heiter han. 21 år, kjem fra Volda. Bur og studerer her i Trondheim. Er med i Student-KRIK her oppe. Likar Jesus, volley, ski og meg. Og han gjer meg glad! Hurra! (det rimte også :)

03 februar 2007

Tidleg morgon. Laurdags morgon.
Heim frå nattevakt. Gå i snøen.

Snøen?! Å, nei. Det stemmer. Snøen er jo i ferd med å smelte. Eg blir gal!
Kvar vart det av den flotte snøen som låg her så fint i forrige veke?
No er det holke, regn og berre vegar. Møkk. Eg vil på ski!