07 februar 2007

Juicy news
Like sikkert som at tida går, og at vi har runda nok eit nytt år (det rimte), er det at kjærestepara byrjer å poppe fram når dagane vert lengre, og overfladiske bekjentskap er forbi. Trondheim er ikkje noko unntak. Her har det den siste tida vorte fleire nye par. Eg vert like overraska kvar gong, for eg har jo ikkje fått med meg at desse personane har vore på g. Eller på gang, dersom du ikkje er kjend med uttrykket; å vere på g. Det vil altså seie at ein er på flørtern, eller at ein har kvarandre i kikerten o.l.
No kan eg opplyse om noko du kanskje ikkje visste. ”Kva er vel det”, tenkjer du no. Det skal eg fortelje det. Det har seg nemlig slik at ca. 5 desember så posta ein kamerat av meg ein blogg.

D r ø m m e d a m e var tittelen på denne bloggen. Og den starta slik.

Den gode kona, kven finn vel henne?
Meir er ho verd enn perler.
-Ordtøka 31:10

Etter dette verset kom dette oppfølgingsspørsmålet. - Kva er så den gode kona? Vidare sette han i gang med ei liste der han ramsa opp viktige, mindre viktige og totalt uviktige eigenskapar draumedama skulle ha. Når eg høyrer ordet draumedame, tenkjer eg straks på songen til Trang Fødsel. Der refrenget går slik:
”Vi vil ha en drømmedame, en effen, fjelg og fin dame, en sånn som man kan se på kino.
En dame man er stolt av, en kom-og-se-på-meg-dame, som ikke trenger å si no’.”
Heldigvis er det ikkje desse eigenskapane han ser etter. Eg postar lista hans her. Og tykkjer at den var ganske bra. Prøver difor ut om eg kan passe inn.

Viktig:
Må kunne lytte til og bry seg om andre menneske.
Det med lyttinga, ja, de som kjenner meg verkeleg godt, veit jo at eg av og til har litt problem med å få med meg alt det andre seier, på grunn
av visse handicap. Men at eg bryr meg om andre, det håper eg de veit!
Kjenne Jesus Kristus.
Ja!
Vere trufast. Mot seg sjølv og andre.
Check.
Gje rom for andre i sosiale samankomstar.
Det er nok kanskje på dette punktet eg møter dei største utfordringane. Som minstemann i ein søskenflokk på fire, er eg van med å sloss for merksemda, og det sit godt i. Jobbar no med dette.
Kjenne sine svake sider, vere open om dei.
Check.
Kjenne sine sterke sider, vere stolt av dei.
Ok.

Mindre viktig:
Vite kva som er opp og ned på ein volleyball/skistav.
Trur eg kjem inn under denne kategorien.
Kunne la seg begeistre.
Eg vart overlykkeleg her ein dag då eg fann ein yoghurt i kjøleskapet som eg gløymte at eg hadde. Takk Blix. Det er dei små gledene i livet som tel mest. Små barn, små gleder!
Ha minst ei allversjakke. Og ikkje meir enn tre.
Har ei. Svart Marmot. Svært god kvalitet. Silje Grimstad har tre. Men ho har jobba i sportsbutikk.
Like å plukke neter (nøtter) om hausten.
Dette punktet gler eg meg til å gjennomføre. Har aldri plukka neter om hausten.
Like å gå barbeint om summaren.
Det er godt med sommarhud under beina. Då kan ein springe på singelen på hytta, uten at det gjer vondt. Men no har det nett kome fin platting der. Takk pappa!

Totalt uviktig:
Moteriktighet.
Usikker på den altså. Kjører eigen og komfortabel stil.
Svømmekunnskapar.
Godt er det at dette er totalt uviktig. Ikkje det eg scorar høgst på. Men har nett kjøpt ny badedrakt. Svart.
Popularitet.
Ja, dette er verkeleg eit totalt uviktig punkt.
Alder (neida).
snart 21
Skostørrelse.
38

Veit virkeleg ikkje om nokon har forstått kva det er eg vil fram til her. Det eg prøver å seie er at eg har fått meg, (kremt), kjærast. Tada!
Hans Jakob Hunnes heiter han. 21 år, kjem fra Volda. Bur og studerer her i Trondheim. Er med i Student-KRIK her oppe. Likar Jesus, volley, ski og meg. Og han gjer meg glad! Hurra! (det rimte også :)

27 kommentarer:

Arne sa...

Grattis! Grattis!!!

Konge Haugen! nå blei eg gla! eg håpe dokke får d heilt konge!

vett ikkje meir eg kan seie, men dette va koselig!!..!!

Anonym sa...

Gratulere så masse, snuppa!! Kjempegla på dine vegne :D Kjem oppover til Trondheim på torsdag å blir i ei veke. Ha vør kosli å treffast!!

Anonym sa...

ELISABETH!!! =) gratulera!!! fytti!! ...din lille snig..godt me ska komma opp sånn me kan få heile historien!! SÅ KJEKT!!! kjemepegla i deg å glede meg masse te se deg ijenn!! weee!!! klem Silje

Anonym sa...

GRATULERA KJEMPE MASSE!!! Nå sitte me å fnise på MF lesesalen. Me får kjeft!! men uansitt, kjempe gratulera....

Møyfrid sa...

Elisabeth! SÅ KJEKT!

Gratulera from the bottom of my heart =)

Nu blei æg gla.. tralalala

Lina sa...

JIPPI!! Dette visste jeg<3 Det her fortjener du så masse:) Eirik: HÆ? oi- Gratulera :D

Anonym sa...

Gratulerer Elisabeth! Det var koselig å høre :D Håper å høre, og kanskje se mer til dere i helga?
klem

Anonym sa...

Hmm, eg er vell ikkje den einaste som har jobba med den der saka i det siste ser eg. Stiller meg i gratulasjonenes rekker :)

barehanna sa...

happy happy birthday tu yoU!!.. eller... trur me tar den andre bursdagssangen... congratulation and celebration! han er ein heldig kar! du er topp og jeg er tipp?

Anonym sa...

Uuuuuuuuuhhhh!! *lage hjerte me hendene*

Det va nå en trivelig nyhet da! :) Gratulerer så himmelsk mycket, blir kjekt å helse på :)

Nathalie sa...

GRATULER!! =)

Ska sei ;) Å, d e så bra Elisabeth!! Så gla på dine vegne! Hæll.. på dine å Hans Jakob sine vegne!! Konge!! :)

Anonym sa...

Det må jeg si Elisabeth. Gratulerer så mye. Virker som du har finni en som passer for deg. Er jo inntertier på alle drømmedame kriteriene hans. Måtte hell og lykke stå dere bi...

Ingeborg sa...

Hehe...har jo allerede sagt gratulerer, men skader jokke å si det fler ganger; Gratulerer:) hehe---moro m KRIK par;)

Sindre aka Sid sa...

se det! "slit an" som de sier her i bergen (betyr altså at den nye tingen, evt typen din va så kul at du må bruke han hele tiden og slite den/han ut) passer ikke helt her, men pytt.
gratulerer vertfall!

Anonym sa...

Er forholdet fullbyrda? if you know what im sayin`? ;)

Anonym sa...

ååååå! n n n, ba ba ba... (les:TMFOK)|
hans jakob (topik.)pek-a heldig |
samme du også skyld vi lese han blogg |
veldig koselig men vi håpe du fokus tyven også | :-) GRATULERER!!!

Jan Tore sa...

Gratulerer Elisabeth! Konge å høre!!! Fantastisk gode nyheter på en onsdags kveld(da jeg fikk lest det). Lykke til!!

Chris sa...

Gratulere så masse Elisabet!! Også en skikkeli sunnmøring da! :-)

Elisabeth sa...

Takk å takk! Alle sammen :) En vassekte sunnmøring og verdens beste gut! Det her e fole stas..

Ingebjørg sa...

Gratulera så masse Haugis=) Artig lesnad;) Må berre i samme slengen tilføya at Silje B.G heilt sikkert har meir enn tre allværsjakke:P

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Henriette sa...

Så koooooselig!!!! Gratulerer... Hans Jakob har fått seg ei skikkelig bra dame, ass =)

Silje sa...

Som vi sei de på sunnmørsk: Nei hårre heite! De va juicy news frå Bartebyen. Herligt!!

PS: allværsjakke-fetisjen min e over, ej he gått lei i BeRegn:)

Anonym sa...

Gratulerer så mye med kjæreste! :)

Anonym sa...

I want not acquiesce in on it. I assume polite post. Particularly the title-deed attracted me to read the sound story.

Anonym sa...

Opulently I acquiesce in but I dream the brief should have more info then it has.

Anonym sa...

great experience, dude! thanks for this great post wow... it's very wonderful report.