30 oktober 2006

I samband med at M.E.G. i år vart vinnar av årets KRIK-cup i Trondheim, har vinnarlaget, som bestod av, Ingrid, Ingeborg, Elise, Tonje, Marte, Britt og eg, hatt seiersmiddag i kveld. Vi vann nemlig ein ganske god sum pengar, takk til Henrik - sponsoransvarleg! Denne enorme summen resulterte i at vi på laurdag var på storshopping på Coop Obs! Herlig! Og i kveld var det tid for den o store middagen. Biff, med fløtegratinerte poteter, peppersaus og div grønnsaker stod på menyen. I tillegg til ein fantastisk fruktsalat med vaniljekesam til dessert. Noko anna enn den vanlege studentmiddagen. Sjå og nyt..


Ingrid - Fruktsalatansvarleg og husvert


Tonje og Ingeborg - Steikeansvarlege


Elise og Britt - Klar for dessert

29 oktober 2006


Søndag igjen. Og dagen idag trur eg må vere oppskrifta på en perfekt søndag. Eg veit at eg har skrive dette før, men eg trur at eg generelt har perfekte søndagar.

Då eg og Solveig vakna i dag tidleg, ja vi deler rom, fann vi ut at klokka var 11. Jaja, vi har sove lenge men godt, tenkte vi, og fekk dagens første overraskelse. Klokka var jo ikkje meir enn 10! Eg laga frukost, og denne gongen fekk vi hardkokte søndagsegg. Klokka halv ett skulle 3 jenter i frå klassa kome, for vi skulle planlegge framføring av eventyret om pannekaka på teiknspråk. Allereie 11.10 ringer Inger-Lise på døra. Nok ei som ikkje har fått med seg at klokka skulle stillast. Etter litt planlegging, og mykje pannekake-eting, var vi ferdige. Og eg kunne legge meg på sofaen og slappe litt av!

Men ikkje lenge, for plutselig ringer Lina: "Hei! Er du hjemme?! Jeg, Hilde-Lise og Kine er ute å går, og trenger en plass å gå til, og så har vi så lyst på kakao!" Eg er så glad for at eg har slike direkte venninner. Konge med overraskingsbesøk, og eg synest det er berre kjekt å stelle i stand! Vart ekstra glad sidan det er ei stund sidan vi fire har gjort noko saman! Vi er jo ganske vant til å henge mykje saman, etter det siste året på VGS på Sygna. Men ja, livet går vidare, og det byrjer vi og merke temmelig godt. Lina er gift, Kine jobbar på spreng, og Hilde-Lise hadde med Mali, jenta si. Ho er skjønn.

Lina og Mali gliser begge to

Skjønne Hilde-Lise

Kine - Working lady

O S K A R :

- 10 filmar
- prisar i dei fleste kategoriar
- mykje bra sceneunderhaldning
- galla

Dette er berre nokre av alle dei stikkorda eg kunne ha lista opp. I kveld, på KRIK sin 25-års dag, så har eg vore på OSKAR-show i Salem i Trondheim. Det vart rett og slett for vanskelig å få til begge deler. Synd.
Men ja. Eg har kost meg uansett. Filmen til Inger-Lise, ei som eg går i klasse med, vart nominert i heile 4 kategoriar, og vann to prisar. Ein pris for beste "feelgood", og ein pris for beste lattervekker. Kjempekjekt. Dessutan fekk eg takk frå scena av Inger-Lise: Elisabeth - You made my day! (Les: 1000 takk for lån av klede til i kveld, du var ein reddande engel!) Så eg er rett og slett nøgd med kvelden på fleire enn ein måte. Eg fekk i tillegg til takk frå scena, også svingt meg på dansegolvet. Både Hans Kristian og Håkon baud opp til dans, så eg har fått testa om dansestega mine frå tirsdagens swingkurs holdt. Og det gjorde dei, meir og mindre!


Inger-Lise og Karianne - Stolte vinnarar

Mej og Søstern - Vi som bor sammen her i Trondheim

Astrid og Ester - To frå klassa

26 oktober 2006

Det å skulle flytte til ein ny by, få nye vener, studere noko heilt nytt og samstundes ha tid til alle dei gamle venene sine er ikkje enkelt.
Eg har mange vener. Stundom kjennest det som om at eg har for mange vener. Eg får nemlig ikkje tid til alle, like mykje som eg gjerne skulle ønska.

I sommer hadde eg ei fantastisk oppleving. På Arena, KRIK sin leir for ungdom frå 16 år og oppover. Eg sat på møte, tenkte litt, hørte på det som vart sagt frå scena, såg meg litt omkring, og plutselig oppdagar eg at eg sit i midten av ein stor gjeng. Der alle som sit rundt meg, både foran, bak og på begge sidene, er svært gode vener av meg. Eg vart ufattelig glad. Og kom fram til den konklusjonen at eg er heldig.

Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Fil 1,3


Det var akkurat dette eg gjorde då eg sat på benken. Eg takka Gud for at eg er velsigna med så mange gode vener. Og heldigvis også velsigna med den beste venen av alle, Jesus!

19 oktober 2006

Tirsdag, 17.oktober, kom eg over noko som eg vart svært overraska over å sjå. Ute strålar haustfargane mot meg, det er kaldt, men det har ikkje vore minusgrader på Øvre Singsaker enno. Haustsola slår til innimellom, likeså gjer haustregnet, men til no har det vore dårleg med snø. Alt dette gjer meg svært overraska over at eg faktisk såg det eg såg, i butikken. Litt sånn kjapp handling før KRIK, og plutselig ser eg dette objektet, eigentleg var det ganske mange objekt, og med forskjellig innhald og utforming. Men felles for dei alle var produktnamnet. Julemarsipan. Julemarsipan. Dersom eg skal telle dagane fram mot jul er det ganske nøyaktig 56 dagar igjen til jul. Det er berre å begynne å glede seg. Men, stort men, det er 42 dagar til 1.desember, og det er då eg vil sjå julemarsipanen i butikken. Få julereklame i posten. Gå i julepynta gater. Difor har eg berre ein ting å seie:
Gi oss jula tilbake!
Julemarsipan og haustfargar. Ikkje bra.

15 oktober 2006

I dag har vore det som eg vil kalle ein ordentleg søndag. Reint bortsett frå at eg ikkje har vore til gudsteneste. Dagen starta ganske brått kl 1115. Då fekk eg ein tlf frå Hanne, eg trudde det var vekkerklokka, og skrudde difor berre av. Forstod ganske fort at det ikkje dreidde seg om vekkerklokka, då eg ganske kjapt fekk ei mld der det stod: "Eg har eit spm!" Hehe. Spørsmålet var om eg ville vere med å spele Frisbee Cross Golf. Dei som kjenner meg veit at eg liker frisbee ganske godt, difor var valget enkelt. Frisbee Cross Golf i bymarka frista! Det heile går ut på at vi er to og to på lag, kastar frisbeen annakvar gong, og vi skal kome oss fra A - B på færrast mogleg kast. Hanne og eg kom på delt førsteplass med Jon og Karin. Vi brukte x-antal kast fra Studenterhytta og til Kopperdammen/Kobbarvatnet. Litt usikker på kva den heiter. Deretter gjekk vi tilbake mot studenterhytta. Forresten viktig og få med at Frisbee Cross Golf inkluderer bratte skråningar, myr og frisbee høgt høgt oppe i eit grantre. Takk til Karin som klatra opp og henta den! På vei tilbake så stoppa vi på ein parkeringsplass og spelte Dobbel Disc Court, ein særs kjekk frisbeevariant! Vel heime venta Solveig med nylaga potetball. Åt fort, fekk potetballsjokk = stappmett.
No sit eg her og ventar på at søndagsfilmen skal byrje. Gler meg. I morga er det skule igjen etter ei veke med fri. Det blir hardt!
Ynskjer alle ei god veke!

13 oktober 2006

Om ca 8 månadar, når eg er ferdig med eksamen i juni har eg fått 60 nye studiepoeng. Men eg har også fått noko heilt anna. Kunnskap innanfor eit nytt språk. Teiknspråk.
Det er eg eigentleg svært godt nøgd med. Tenk det. Eg er blitt ein del av dei ca 15000 teiknspråkbrukarane her i Noreg. Men. Sidan eg faktisk studerar dette, tenkte eg at eg kunne nytte anledninga til å avlive nokre myter. Og hjelpe deg på veg til å få ei djupare innsikt inn i teiknspråket si visuelle verd.
Myte 1: Teiknspråk er internasjonalt.
Å nei da! Det er det absolutt ikkje. Eg går for å lære NTS i år, det vil seie Norsk Teiknspråk. Det er absolutt ikkje det same som t.d. BSL - British Sign Language eller DGB - Deutsche Gebildsprache
Myte 2: Eg kjem snart på nyheitene kl 1755 på NRK1
Dessverre. Må skuffe deg der også. Det er berre døve som jobbar i "Nyheter på Tegnspråk"
Myte 3: Ein bruker berre hendene i teiknspråk
Feil igjen. Her er det snakk om både ansiktsmimikk og kroppsspråk i tillegg. Slitsomt! Dessuten kan det føre til senebetennelse! :)
Alt i alt så er dette eit svært bra studium, noko eg kan anbefale på det varmaste til alle dei som ikkje veit kva dei skal gjere, som vil ha fri kvar torsdag, som vil ha fri ei veke annakvar månad og som vil sleppe å bekymre seg for eksamen til jul! Eg nyt det!


12 oktober 2006


Studieveke e virkelig tingen! Prosjektet som skulle gjerast dinne veka va ferdig forrige veke, det he resultert i ei skikkelig go'veke dinne veka. Det va veke 5 gonga på to setninga, og en gang til no, 6 tilsammen. Ej like ordet veke. Det ligg noke sunnmørsk i det. Men ja, nok om det. Til no he ej vært på to tura ute i skog og mark. En dag i bymarka, men som ordet tilsei, by+mark, virkelig ikkje noke for mej. Ej sakna fjellet. Gå i kø på grusa sti e liksom ikkje det store.


Men, idag, he ej vore på tur i ei anna mark, eller skog, fortsatt ikkje det samme som en ordentlig fjelltur, men me goe venna blir det bra! Ester, Jens, Hans Jakob og ej va på tur, me bål, pannekakesteiking, linegåing og nydelig vær! Berre sjå på bilda. Og no e ej klar for volleyballtrening på KRIK. Det blir så bra det! "Studieveke" e rett og slett det same som høstferie, og ej lika det!



10 oktober 2006

Blogg. Ordet gir mej mykje å tenke på. Et ord som he florert i avisene i det siste. Og no sitt ej her, i t(e)-kroken vår på kjøkkenet i Trondheim, med min egen blogg på fanget. Merkelig det der. Men ja, ej e i gang. Blogg. Min egen blogg. He kost mej i det siste med surfing på nettet, finn stadig nye bloggera, og he nok en gang slått fast at kristen-Norge ikkje e stort. Dei fleste kjenne kvarandre, og begynne en å følge lenkene på en blogg kan en med ganske stor sannsynlighet ende der en starta. Men ja. Ej e igang. Det her e min blogg. Kos dykk!