29 oktober 2006

O S K A R :

- 10 filmar
- prisar i dei fleste kategoriar
- mykje bra sceneunderhaldning
- galla

Dette er berre nokre av alle dei stikkorda eg kunne ha lista opp. I kveld, på KRIK sin 25-års dag, så har eg vore på OSKAR-show i Salem i Trondheim. Det vart rett og slett for vanskelig å få til begge deler. Synd.
Men ja. Eg har kost meg uansett. Filmen til Inger-Lise, ei som eg går i klasse med, vart nominert i heile 4 kategoriar, og vann to prisar. Ein pris for beste "feelgood", og ein pris for beste lattervekker. Kjempekjekt. Dessutan fekk eg takk frå scena av Inger-Lise: Elisabeth - You made my day! (Les: 1000 takk for lån av klede til i kveld, du var ein reddande engel!) Så eg er rett og slett nøgd med kvelden på fleire enn ein måte. Eg fekk i tillegg til takk frå scena, også svingt meg på dansegolvet. Både Hans Kristian og Håkon baud opp til dans, så eg har fått testa om dansestega mine frå tirsdagens swingkurs holdt. Og det gjorde dei, meir og mindre!


Inger-Lise og Karianne - Stolte vinnarar

Mej og Søstern - Vi som bor sammen her i Trondheim

Astrid og Ester - To frå klassa

1 kommentar:

Anonym sa...

Elisabeth, du er så flink å steike pannekaker! Steikje bra! mohahaha
Tjæmpetjækt å vere på gruppe med dej!
Og nydelege bilete du har her på bloggen din!:-D
Store klemma t deg