13 oktober 2006

Om ca 8 månadar, når eg er ferdig med eksamen i juni har eg fått 60 nye studiepoeng. Men eg har også fått noko heilt anna. Kunnskap innanfor eit nytt språk. Teiknspråk.
Det er eg eigentleg svært godt nøgd med. Tenk det. Eg er blitt ein del av dei ca 15000 teiknspråkbrukarane her i Noreg. Men. Sidan eg faktisk studerar dette, tenkte eg at eg kunne nytte anledninga til å avlive nokre myter. Og hjelpe deg på veg til å få ei djupare innsikt inn i teiknspråket si visuelle verd.
Myte 1: Teiknspråk er internasjonalt.
Å nei da! Det er det absolutt ikkje. Eg går for å lære NTS i år, det vil seie Norsk Teiknspråk. Det er absolutt ikkje det same som t.d. BSL - British Sign Language eller DGB - Deutsche Gebildsprache
Myte 2: Eg kjem snart på nyheitene kl 1755 på NRK1
Dessverre. Må skuffe deg der også. Det er berre døve som jobbar i "Nyheter på Tegnspråk"
Myte 3: Ein bruker berre hendene i teiknspråk
Feil igjen. Her er det snakk om både ansiktsmimikk og kroppsspråk i tillegg. Slitsomt! Dessuten kan det føre til senebetennelse! :)
Alt i alt så er dette eit svært bra studium, noko eg kan anbefale på det varmaste til alle dei som ikkje veit kva dei skal gjere, som vil ha fri kvar torsdag, som vil ha fri ei veke annakvar månad og som vil sleppe å bekymre seg for eksamen til jul! Eg nyt det!


1 kommentar:

barehanna sa...

Tegnspråk e digg! du e digg!