29 oktober 2006


Søndag igjen. Og dagen idag trur eg må vere oppskrifta på en perfekt søndag. Eg veit at eg har skrive dette før, men eg trur at eg generelt har perfekte søndagar.

Då eg og Solveig vakna i dag tidleg, ja vi deler rom, fann vi ut at klokka var 11. Jaja, vi har sove lenge men godt, tenkte vi, og fekk dagens første overraskelse. Klokka var jo ikkje meir enn 10! Eg laga frukost, og denne gongen fekk vi hardkokte søndagsegg. Klokka halv ett skulle 3 jenter i frå klassa kome, for vi skulle planlegge framføring av eventyret om pannekaka på teiknspråk. Allereie 11.10 ringer Inger-Lise på døra. Nok ei som ikkje har fått med seg at klokka skulle stillast. Etter litt planlegging, og mykje pannekake-eting, var vi ferdige. Og eg kunne legge meg på sofaen og slappe litt av!

Men ikkje lenge, for plutselig ringer Lina: "Hei! Er du hjemme?! Jeg, Hilde-Lise og Kine er ute å går, og trenger en plass å gå til, og så har vi så lyst på kakao!" Eg er så glad for at eg har slike direkte venninner. Konge med overraskingsbesøk, og eg synest det er berre kjekt å stelle i stand! Vart ekstra glad sidan det er ei stund sidan vi fire har gjort noko saman! Vi er jo ganske vant til å henge mykje saman, etter det siste året på VGS på Sygna. Men ja, livet går vidare, og det byrjer vi og merke temmelig godt. Lina er gift, Kine jobbar på spreng, og Hilde-Lise hadde med Mali, jenta si. Ho er skjønn.

Lina og Mali gliser begge to

Skjønne Hilde-Lise

Kine - Working lady

3 kommentarer:

Lina sa...

Oh yeah, en herlig søndag, og på besøk hos en herlig venninne som lager en NAM kakao:)Takk Elisabeth!
Jeg er så glad i deg!
KLem klem fra Lina

Ingebjørg sa...

Komme plutselig på kakaobesøk eg og Elisabeth=) Glede meg te å treffa deg igjen te helgo!

Hilde-Lise sa...

En kjempe koslig søndag=) Må gjentas! maaaange ganger;)