23 desember 2007

23. desember: Snart jul, og eg tenkte at eg skulle prøve meg på den noko oppbrukte?! sjangeren julebrev. Likevel tykkjer eg det er koseleg å gje eit lite livsteikn frå meg, og oppsummere året som har gått. No vart det ikkje ein veldig fyldig adventskalender på bloggen. Mykje å gjere, og minimal blogglyst kan nok kanskje vere grunnen. Dersom eg no i staden for skriv eit litt lengre innlegg, kan det kanskje bøte på skuldkjensla.

For meg har det vore eit innhaldsrikt år. Det er jammen meg det verdt blogginga, som eg gjorde meir eller mindre fast fram til sommaren. For det er ikkje lett å hugse alt en har vore med på.

Kom fram til etter litt kjapp blogglesing frå januar at etter å ha vore på Explore på Lillehammer for 5. året på rad, kom eg opp att til Trondheim, for å ta til på eit nytt semester med teiknspråk. Elles var bloggen oftare oppdatert med bilete då eg hadde fått meg ein kamerat. Altså eit nytt digitalkamera. Vidare gjekk januar med til ski, vener og mykje henging med Hans Jakob. Mykje var gjort då Hans Jakob inviterte meg med på kino på fødselsdagen hans den 28. januar, og 6. februar, vart dette bilete teke. Då hadde vi vore kjærastar i to dagar!

Vidare i februar vann Sagavoll Angels 05/06 nattcupen til Student-KRIK Trondheim. Det var koseleg med besøk frå kjekke sagavollvenninner, som meistrar både volley, basket og fotball! Same kvelden skada Solveig seg i hovudet, då ho falt under oppvarminga. Pappa kom neste morgon, og Solveig låg på sjukehuset i ei veke. Det er godt å merke at familien stiller opp!

Mars kom med både volleyballtreff, 21-årsdag i Oslo og ein lang og god ferie hos dei same kjekke sagavollvenninnene og hos Marianne. Artig og treffe kjentfolk. Ferien i Oslo vart avslutta med Global-KRIK-samling, der dei ulike teama som skulle på utreise vart kjent og førebudde seg.



Så vart det påske, og den vart feira først på Stranda, der eg var med som leiar på KRIK-leiren OffPiste. Etter dette vart det fine dagar i Sykkylven og Volda, med skiturar i Sykkylven, men ikkje i Volda. Då eg var litt handikappa etter krasjen Hans Jakob og eg hadde på veg til Volda langfredag. Det vart ei roleg påske etter dette! Men vi fekk no med oss ein topptur, og ein fantastisk dag på Fjellsetra med pudderpumping. Kjekt!



I mai hadde dei fleste nok med eksamenslesing, men ikkje eg. Teiknspråk er eit lite teoretisk studium! Det har eg tenkt mykje på i haust. Eg feira 17. mai med godt samvit, var heime ein tur på rekonvalesens, ein tur til Sandane og besøkte Simen, og i skogen på tur med Hans Jakob. Deilig og ha ei roleg eksamensoppladning.


Men dei første dagane i juni vart meir hektiske. Då var det eksamensøving i kvar ein park i Trondheim. Fint ver førte til at vi var ute, og sat på mange ulike grasplenar rundt om i Trondheim, snakka med kvarandre og øvde fram mot eksamen. Det gjekk bra. Og rett etter denne bar det heim på jobbing i ei veke, før eg sat kursen mot det store utland.

Ingrid, Per, Hans Jakob og eg var representantar frå Student-KRIK Trondheim, og var dei heldige utvalde som fekk reise til Aust-Afrika i fire veker. Det vart ein tur med både oppturar og nedturar. Først var vi ei veke i Nairobi og Voi i Kenya. Der besøkte vi heimstadane til Hans Jakob og Ingrid, før vi reiste vidare derifrå og til Moshi i Tanzania. Vi var med på East-Africa-cup, som er Afrikas største fotballturnering. Etter ei veke reiste vi til hovudstaden i Uganda, Kampala. Der vart vi ei veke. Fekk med oss både rafting, turistmarknad og sjukdom, som gjorde at vi måtte utsetje reisa inn til Sudan med nokre dagar. Sudan var hovudmålet for reisa vår. Der var vi i ei veke. Vi gjennomførte leiartrening og instruksjon i ballspel for lokale leiarar i Christian Sports Contact (CHRISC). Det hadde nok vore kjekkare dersom eg ikkje berre måtte ligge i hytta, på grunn av sjukdom. Eg var nok mest klar av alle for å reise heim att. Og det er ei stund til eg kjem til å kjenne behovet for å reise ned att, men det var verkeleg ei oppleving for livet. Turen gjorde og sitt til at eg vart nøydt å investere i ein ny kamerat, altså nytt digitalkamera, då den trufaste kameraten gjennom 6 mnd gjekk frå meg der borte. Tilbake i Noreg vart nytt rosa digitalkamera innkjøpt. Fornøgd! http://sud07.blogspot.com/

Etter Afrika var det enno litt meir ferie att. Og godt var det. Tur i Tafjordfjella med familien, feiring av svoger Olav sin 40-års-dag, litt jobbing, og ein fantastisk sørlandsferie med Hans Jakob. Vi koste oss maks på Hansbu i Rondane med foreldra hans, på Lyngør, hos søstra og familien hennar i Homborsund og på den lange bilturen. Herlig!


Vidare var det igjen klart for nytt semester, Hans Jakob på medisin, og eg på anvendt språkvitskap, eller språkleg kommunikasjon for å seie det på den lette måten. Vi trivast begge to i Trondheim. Det er så kjekt å bu i same by, og med søster Solveig som min sambuar trivst eg som plomma i egget! I haust har eg ikkje vore noko ute å farta, men det har no skjedd litt likevel.


Vi har hatt besøk av søstra til Hans Jakob og familien hennar og av sagavolljentene. Vidare er vi med i KRIK, går litt i Salem, og er elles med kvarandre, med Solveig og med vener. Det er mange kjekke ting å finne på i Trondheim, mitt høgdepunkt var nok no i desember på WorldCup i hopp i Granåsen. Kjekt.

Hausten gjekk fort, eg trivst godt med det eg studerer, og Hans Jakob og. Gler meg faktisk til å starte på att etter nytt år! Det lovar godt. No rett før jul har eg vore ein tur til Sandane, og ein tur i Volda på førjulsbesøk. Her heime er Marianne, Solveig, mamma og pappa, farfar og eg klare for å feire jul. Det er så kjekt i år, eg skal ikkje arbeide noko og har berre fri. Det er herleg!

No er det vesle julaftan, og eg er meir enn klar for å berre slappe av, strikke, og sjå på Grevinnen og hovmesteren på NRK. Det er deilig med jul, eg gler meg, som alltid. Som nemnt i starten, høyrer dette blogginnlegget inn under sjangeren julebrev. Då vert det vel ganske naturleg å avslutte med nokre velvalde ord som kan minne oss om den eigentlege årsaken til at vi no har fri, og er heime for å slappe av.



Jesus vert fødd

I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:
«Ære vere Gud i det høgste,
og fred på jorda
blant menneske som Gud har glede i!»
Då englane hadde fare tilbake til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.» Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det. Og gjetarane vende tilbake. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.






Juleklem frå Elisabeth

14 desember 2007

14. desember: Ikkje ein gong oddetalsdag. Men idag er det akkurat ei veke sidan sist eg posta. på tide med ny post. Mykje har skjedd sidan sist. I går t.d. bakte eg julekaker saman med Lina, Hilde-Lise og Mali, og Reidun. Kjempekoseleg! Denne veka har og for det meste gått med til ex.phil-lesing. Har lest saman med Marianne. Og eg har kost meg! I morga er den store ex.phil-eksamensdagen. For sikkertheits skuld er eg ikkje klarert for å få gå opp til eksamen. Av ein eller annan merkelig grunn er eg ikkje registrert med to godkjente øvingar. Det er jo litt rart sidan eg faktisk har gjort begge to og fått dei godkjent. Så eg håpar på at eg får ta eksamen likevel. Eksamenskontoret sa det skulle gå greit. Jaja. Elles så reiser eg heim på mandag. Det skal verte deilig! Men før det er det julehandel, julekortlaging og diverse pakking. Om litt, når Hans Jakob er ferdig med psykologieksamen reiser vi på julehandel. Det vert kjekt! :) Ha ein flott dag alle saman. Kanskje kjem det ei oppdatering til?

07 desember 2007

7. desember: Hellenismen, Euklid, Ptolemaios, Ticket To Ride, Middelalderen, Augustin, klesvask, middag, brødbaking. Ja, slik kan ein dag sjå ut når ein les til Ex.Phil. Der er så mange og andre kjekke ting å gjere på.
Eg skal vel stå. Forhåpentlegvis!

05 desember 2007


5. desember: Ja, det ser ut som om det kun vert posting på oddetalsdagane. Uff da. Eg er litt ute av blogginga kjenner eg.

I dag har eg gjort ei oppdaging. Eg har fått timeplanen for våren. Kva er oddsen for at når eg med mine fire førelesingar i veka, og to øvingar, greier å få dei spreidd på alle dagane i veka? Joda, det går så fint det. I tillegg har eg undervisning frå 14.00 - 18.00 på fredagar. Slå den!
Menmen, eg får no jobbe og halde teiknspråket ved like i tillegg. Og det er no slettes ikkje verst. Og med ei førelesing til dagen skal eg nok greie å få lest litt og. Håpar eg.

Ha ein god dag. Eg ser snart at eg må gjere noko for å halde kvaliteten på blogginnlegga oppe.

03 desember 2007

3. desember, det er i dag det. Det tyder på at eg allereie, berre etter ein dag, ikkje greidde å oppdatere kvar dag. Jaja. Slik går det når eg er på farta, og ikkje har kontinuerleg tilgang på internett.

Helga var flott. Fine dagar på Sagavoll med jentene. Kjekt! Elles var ski på søndag, joda det vart kjekt det! Ikkje like fine forhold som de på Oppdal hadde, men likevel godt og mjukt i bakken, og ein god åpningstur for sesongen! I natt reiste eg frå Sagavoll til Trondheim på natt-toget. Det vart både kaldt og guffent, sjølv om eg hadde fleecepose.

I dag har dagen gått med til å stelle og stulle for Hans Jakob som går på krykker etter eit uhell på ski i går. Eg vert nok ei god husmor?! :p I kveld har eg vore på Global-KRIK-juleavslutning. Det vart både kort til Afrika, og julekrubbe av pepperkake. Bilete kjem seinare. Orkar ikkje meir no. Ha ei god natt!

01 desember 2007

I dag er det 1. desember! Det er 1. desember i dag! Tusen takk Solveig for flott refleks i kalenderen, no kan eg lyse heile desember.. ;)
Til alle dykk andre: Eg er på Sagavoll i helga, så dette vert kun ein kort post. Eg skal 1) kome med eit lite tips, og 2) gjere dykk grøne av misunning.

1) Dersom du er ein av dei som ikkje har fått adventskalender med søstra di, kjærasten eller med tre søte små gutar som du ein gong har passa, (som meg), kjøp deg ein pakke med nellikspiker, du finn dei i krydderhylla i butikken, og ein appelsin. Og gjer som Skomaker Andersen. Lag din eigen kalender!

2) Eg skal på ski i morgon. På Rauland. Eg skal kjøre i 20 cm pudder som har dala ned i dag. Eg gler meg. Rapport kjem kanskje i morga, viss eg rekk det før eg set meg på toget og tek turen tilbake til trønderhovudstaden, og til Hans Jakob og Solveig!

Ha ein god 1. desemberskveld.

28 november 2007

Tilbake. Eg har fått nokre kommentarar i det siste på at bloggen min har vore veldig lenge nede. Men eg er tilbake! Eg har ikkje facebook å skulde på, fordi eg ikkje er på facebook, men eg har rett og slett prioritert mindre tid på dataen det siste halv året, og kanskje litt meir tid på Hans Jakob. I fjor omtrent på denne tida lanserte eg det som skulle vere årets adventskalender. Jammen meg trur eg at eg skal gjere det same i år. Er jo eigentleg litt hyggeleg å poste litt kjekke ting som skjer i adventstida. Målet er altså ein adventskalender, så får vi sjå om det vert noko meir etter det. Følg med frå 1. desember! Dette vert kjekt! :)

03 juni 2007

Dette er bloggen du kan følgje med på i sommar.

http://www.sud07.blogspot.com

No er det akkurat to veker til eg reiser frå Volda. Merker at det nærmar seg, og eg vert meir og meir spent, og meir og meir usikker på kva eg eigentleg treng i Afrika. Har du gode tips så sleng dei gjerne ut!
Har nett komt att frå ei overnatting i skogen under åpen himmel som resulterte i fleirfoldige myggstikk. I morga har eg eksamen, så det er kanskje på tide å legge inn giret? Eg skal i alle fall prøve litt på det i dag.

Ha ein god søndag.

20 mai 2007

Glade maidagar! 17. mai, 18. mai og 19. mai. Mi eksamensførebuing er ikkje stort å skryte av,
difor kan eg gjere andre kjekke saker og ting. Det likar eg. 17. mai vart feira med brask og bram. Starta med 17. mai-frukost med garden (det vil seie den eldre garde i KRIK, ikkje alltid orda kjem like godt ut). Vidare var det messe i Nidarosdomen, etter snart eit år i Trondheim fekk eg endeleg kome dit. Toget var langt og eg gjekk for KRIK. Avslutta det heile med storslagen fest på Berg Prestegård saman med KRIK og Laget. Kjekt! 18. og 19. mai vart feira i skogen. Hans Jakob og eg tok oss like godt ein tur ut i Guds frie natur. Kjekt med bål, mat, regn osb.

Garden

Marianne, Kristian og Eline med fana vår.


Hans Jakob i finstasen, og eg med litt KRIK-effektar.

Eg og Torhild.

Ester, Mathias og Astrid var ferdige å gå i tog.

Camilla, Marianne, Kristin, Runi og Ingvild var og ferdige med toginga.

Marit og Ingrid var som resten ferdig med tog for RAFT.

Solfrid og Monika gjekk ikkje i tog. Men ropte fint HURRA!

Hans Jakob og eg fyrer bål. Koselig!

10 mai 2007

I dag har eg vore i fjøra! Og eg hadde kjekt selskap! Henta Georg og Karl Johan, 6 år, i barnehagen. Brukte lang tid på å gå heim. Har faktisk gløymt kor mykje som er interessant og kor mykje ein kan undre seg over når ein er ute og går. "Oi. Sjå der er ein John Deere. Oooi! Ei gravemaskin og!" Og litt lenger borte i vegen.. "Kva er dette, Elisabeth?" "Det er ein asfaltbit." "Ååh. Den tek eg med meg, puttar den i lomma eg!"

Sjarmerande karar. Heime har vi ete middag, leika med bilar, hoppa på trampoline..
Middagen vart granska og analysert til minste detalj. "Kva er dette? Det er grønt!!" "Det er purreløk!" "Ææsj. Løk det likar eg ikkje!" Men jammen gjekk det ned..

Det er deilig å vere heime. Og enda deiligare med ein god klem fra slike kjekke karar. Rett før dei gjekk fekk eg vite at dei kom til å sakne meg. Og at Hans Jakob måtte vere med neste gong!



Karl Johan, eg og Georg

08 mai 2007

Fin helg i Oslo. Kjekt å treffe de som var der! Hadde framlegg på skulen idag. Siste obligatoriske oppgåve ferdig. No er det under ein måned til eksamen, og eg tek livet med ro. Tek faktisk ein tur heim, og vert der til søndag! Deilig med litt avslapping! Håper også å få treffe nevøen min Simen, som er den store helten min for tida! På biletet under ser de ei solglad Elisabeth på festninga i april. Måtte sola kome tilbake!

03 mai 2007

Sit no i senga til Hans Jakob. Han er ikkje her. Eg ventar. Ventar på at han skal verte ferdig på fotballtrening. Eg er tidlig ute, har nett vore på visning. Fattar ikkje at det kan vere mogleg. Eg og Solveig, og sikkert 10 sambuarpar. Leiligheita var ikkje rydda. Fryktelig rotete, dyr og upraktisk. Det einaste som ein hadde betalt for var beliggenhet.. Jaja. Det er forhåpentlegvis fleire fisk i sjøen. I morgon reiser eg til Oslo. Hanna har bursdag i morgon, difor tenkte eg at det var på sin plass å ta turen. Eg skal vitje Sagavoll-vener og vere med Marianne, søstra mi. Eigentleg er dette ein ganske kjedelig, etterkvart ganske lang og lite interessant bloggpost.

Dette har skjedd i det siste i livet mitt:
- eg har bestemt meg for å bu i Trondheim til hauste
- eg skal ta ein bachelor i språklig kommunikasjon på dragvoll
- eg har vore fryktelig sliten
- har levert eksamen og siste obligatoriske oppgåve

Elles har eg vore mykje med Hans Jakob. Det er kjekt!

Framover har eg ikkje så mange planar, anna enn å:
- jobbe meg fram mot eksamen
- trene litt igjen
- få overskot
- planlegge tur til afrika til sommaren, det nærmar seg med stormskritt
- stå på eksamen og få ein god karakter!


Bloggoppdatering kjem og går med humøret. Enkelte dagar er det fryktelig kjekt å oppdatere. Andre dagar gidd eg ikkje.
Ha ein god dag!

20 april 2007

Kl 11.45: Datoen på mobilen min viser 20. april. Det er rett og slett noko som ikkje stemmer. Eg stod opp for ca to timar sidan. Har studiedag i dag. Skulle eigentleg på forelesning kl ett, ei frivillig ei sådan. Men et eller anna stoppa meg og planane mine. Taklampa er ikkje på på kjøkkenet, og sola skin ikkje inn gjennom vindauget og leikar over "parketten". Det er heilt stille i huset. Den einaste lyden eg høyrer er vinden. Det bles ganske kraftig ute nett no. Ein salme seier at vinden kan ein ikkje sjå, berre kjenne. I dag ser eg vinden, for vinden er kvit og ber med seg snøfnugg. Det er rett og slett noko som ikkje stemmer. Kl er no 11:50, det er 20. april, og utanfor kjøkkenvindauget mitt bles det kvite snøfnugg. Det vert ikkje forelesning på meg idag. Sykkelen må stå parkert.

13 april 2007

Eg er tilbake med oppdatering. Beklager på det sterkaste ei lang tid utan. Det har rett og slett ikkje vore tid eller krefter, dessutan har det jo og vore påskeferie. Og kva passar vel betre då enn ei aldri så lita biletkavalkade frå ferien? Nyt det.
Hans Jakob nyt svingane våre på veg ned frå Ausekaret.
Og eg, eg krasjar i han.

Offpiste - KRIK på Stranda
Oddveig er mesterkokk for blomkålsuppa!


Vi vart sponsa med 200 grandiosa.
Og 80 personar greidde fint å ete opp desse i løpet av leiren.

Vannteamet. Treng ikkje seie meir. Synnøve og Henrik.

Felleslunsj. Kjekke saker.
Under ser du korleis ein ivrig teiknspråkstudent fekk alle til å "klappe" i takt!


Ski på Fjellsætra med mamma, pappa og Hans Jakob


Det snødde og snødde, påskepudder!
Langfredag starta med ein fantastisk pudderopplevelse!


Vidare vart det mindre kjekke opplevelsar denne dagen.
Bilen ville gå sin eigen veg på nullføret.
Det endte med 360 på vegen, før vi kom over i feil kjørefelt og enda i grøfta på motsett side av vegen.
Vi vart livredde. Og er framleis takknemlige til Jesus for at han passa på oss.

På besøk i Volda. Alt eg kan ønske meg.
Nyredd seng, med vakre sommerfuglar på sengetrekket, og påskeegg frå Hans Jakob!

I Volda kan ein vere aktiv i symjehallen! Kjekke saker!
Knebeskyttar i form av flytevingar, fordi eg fekk ein ganske kraftig blåkul på kneet i krasjen.
Og til slutt, han som i samarbeid med Jesus, sørgjer for at påska var og framleis er perfekt!
Hans Jakob med nye ski! Takk for ei fin påske saman med deg!

29 mars 2007

Først av alt.
G
ratulerer med 55 år i dag, Pappa!
Ej e gla i dej!

Nr. 2:
Ej reise heim på påskeferie i dag!

Påska skal inneholde:

- biltur med Hans Jakob heim til Sunnmøre i dag
- Offpiste - leiar på KRIK-leir på Stranda fra lørdag til onsdag
- besøk av Hans Jakob fra onsdag til fredag
- besøk til Hans Jakob!, fra fredag til mandag

Pluss elles det vanlege. Mykje appelsinar, påskeegg og kvikklunsj.
Forhåpentlegvis også litt hytte. Hurra!

26 mars 2007

Søndagsidyll.
Tur til Korsvika i Trondheim!
Hans Jakob diska opp med sjølvlaga? baguettar.
Dei var så gode at eg mistenker han for å ha kjøpt dei.
Elles var det sol, sjokolade, appelsin, eple, saft og vann!

Eit anna viktig poeng er at eg har særs stygge solbriller,
fordi eg øver meg til Afrika.
Fekk dei i bursdagsgåve med Ruth Eva.
Ho seier at i Afrika er alt lov,
og at ingen tykkjer solbrillene dine er stygge.

22 mars 2007

Blogge-sisten:
Vart ramma av denne forferdelige epedimien av Lina. Derfor må eg skrive seks rare ting om meg sjølv. Eg gjer dette med stor motvilje, og vil difor ikkje ramme andre. Kos dykk.

1. Eg er ein forferdelig dårleg vinnar i brettspel.
Dette er vel eigentleg ikkje så veldig rart, men berre rein fakta.

2. Eg deler soverom med storesøstra mi.

3. Eg studerer teiknspråk, og tykkjer teiknspråkteorien er det kjekkaste, dette må vel karakteriserast som ein rar ting. I alle fall for spesielt interesserte.

4. Eg har min eigen handarbeidsskryteperm. Flau? Ja.

5. Eg har spelt piano i 8 år, men kan framleis ikkje f-nøkkelen. Altså den linja som ein speler med venstre hand.

6. Var i seng før tolv dei aller fleste kveldane på folkehøgskulen. Ja til søvn!

20 mars 2007

Biletblogg

Volleyballtreffet.
Gutane våre speler her mot 95/96. Dei rauk i kvartfinala. Vi rauk i semifinala. Kjekt var det. Sagavoll er som alltid bra!

Kristine og Ida kosar seg med yoghurt!

21 år.
Hurra for meg! Hans Jakob var i Oslo i nokre timar. Sjå kor glad eg var for det.
På biletet under pakker eg opp pakke på Oslo S før han skulle reise tilbake til Trondheim. Eg er så glad i deg!


Bursdagsreker med jentene.
Silje, Tone, Ruth Eva, Oddveig, Ingeborg og Hanna (ikkje med på biletet) .
Takk til søster Marianne som villig låner vekk leilighet!


Etter bursdagsrekene drog vi tilbake til Torshovgata.
Der venta KRIK-gutane med overraskelsesbursdag for meg.
Tuuusen takk! Eg vart litt overraska, og mest glad!

Randi var der og. Tusen tusen takk for koseleg kort!
Med det same nytter eg høvet til å takke alle som huska meg på dagen, og dagane etter!
Koselig å verte hugsa på!

Tone, Oddveig og meg.


Øyvind og Jan Tore.

Som de kanskje no forstår har eg vore leenge i Østen, eller Oslo om de vil.
Det var kjekt. Her et eg lunsj med Marianne!

Ingrid og Per.

I helga var det Global-samling i Oslo.
Alle teama som skal reise ut for Global-KRIK var tilstades.
Vi fekk info, inspirasjon og fekk jobba ein del med planlegginga!
Det blir så bra. I tillegg til å reise til Sudan skal eg og til Kenya, Tanzania og Uganda.
I Tanzania skal vi vere med på East African Cup, som er ein stor cup med heile 48 lag frå heile Aust-Afrika,
og frå organisasjonane CHRISC, MYSA og EMIMA! Dette vert spennande.

Eg og Hans Jakob.

12 mars 2007

21 år. Hurra!

06 mars 2007

Har i den siste tida vore sjuk. Influensaen knakk meg ikkje, men omgangssjuka gjorde. Difor har det vore dårleg med oppdateringar på bloggen, i tillegg til dårleg med kontakt med omverda. Men eg er tilbake. Sjølv om eg no snart legg ut på ei 10-dagars reise med retning, hovudstaden og Sagavoll. Det skal verte flott! Gleder meg stort til bl.a. Volleyball-treffet på Sagavoll. "Vi skal slå, vi skal flå dei, vi skal lage ketchup av dei! Yeah!" Dette vart eigentleg eit innlegg utan mål og meining, anna enn at eg ville poste eit bilete frå Rotvoll-revyen som eg såg for ikkje lenge sidan. Der hadde dei eit innslag der diverse vanlege studentmiddagar stod på menyen (tog du 'an?). Og sidan eg har vore sjuk hadde eg faktisk pizza til middag tre dagar i førre veke. Slå den du! Ha ein fortreffeleg kveld. Eg skal spele volleyball på KRIK. Og deretter sosialisere meg! Sjåast kanskje der?

27 februar 2007

Eg ler høgt av Eirik sin kommentar på forrige blogpost. Han omtalar den noko like sveisen vi hadde ved 10-års-alderen. Heilt ut av det blå kom kommentaren, og eg ler. Rett og slett fordi Mamma (les forrige blogpost) ikkje berre sendte Karius-biletet, men også eit av meg på skitur. Skulle trudd at Eirik visste dette. Her kjem i alle fall biletet der eg lett kunne vorte tatt for å vere ein gut. Dessutan er solbrillene dei kulaste i verda. Snart er det påske!

26 februar 2007

I desse karnevalstider fekk eg idag ein fantastisk mail frå mamma. Ho engasjerer seg i bloggen min. Det stod skrive: "Vi kan ikkje vente på å sjå dette på bloggen!!"
Ha ein fantastisk dag. Klem fra Karius

18 februar 2007


Klar-melding-ut: T E R R O R - A L A R M!
Ser de det same som meg? Trondheim er ikkje lenger ein trygg by å bu i. Og spesielt ikkje for meg, som har Tyholt-tårnet som ein av mine næraste naboar.
Ein dag i førre veke var eg ute å gjekk, og naut sola som strålte mot meg. Brått var det som om sola forsvann, og eg såg mest alt i svart-kvitt, eller gråtonar om du vil. Verbet skremme - skremte - har skremt kan nok beskrive kjenslene eg har no. Eg er rådvill.
Kva er det som skjer? Kvifor siktar ein av kanonane på festninga mot Tyholt-tårnet? Kvar sikter dei andre kanonene? Er det fleire terror-mål her i Trondheim by?