20 mai 2007

Glade maidagar! 17. mai, 18. mai og 19. mai. Mi eksamensførebuing er ikkje stort å skryte av,
difor kan eg gjere andre kjekke saker og ting. Det likar eg. 17. mai vart feira med brask og bram. Starta med 17. mai-frukost med garden (det vil seie den eldre garde i KRIK, ikkje alltid orda kjem like godt ut). Vidare var det messe i Nidarosdomen, etter snart eit år i Trondheim fekk eg endeleg kome dit. Toget var langt og eg gjekk for KRIK. Avslutta det heile med storslagen fest på Berg Prestegård saman med KRIK og Laget. Kjekt! 18. og 19. mai vart feira i skogen. Hans Jakob og eg tok oss like godt ein tur ut i Guds frie natur. Kjekt med bål, mat, regn osb.

Garden

Marianne, Kristian og Eline med fana vår.


Hans Jakob i finstasen, og eg med litt KRIK-effektar.

Eg og Torhild.

Ester, Mathias og Astrid var ferdige å gå i tog.

Camilla, Marianne, Kristin, Runi og Ingvild var og ferdige med toginga.

Marit og Ingrid var som resten ferdig med tog for RAFT.

Solfrid og Monika gjekk ikkje i tog. Men ropte fint HURRA!

Hans Jakob og eg fyrer bål. Koselig!

2 kommentarer:

Møyfrid sa...

Trur faktisk ikkje æg tæge heilt feil viss æg tippe at frokosten va i klæbuveien? Såg en smule kjent ut!

Skogstur hørtes herligt ud! Har faktisk ikkje sove ute sidan folkehøgskulen.. fyskam!

Anonym sa...

Takk for interessant informasjon