10 mai 2007

I dag har eg vore i fjøra! Og eg hadde kjekt selskap! Henta Georg og Karl Johan, 6 år, i barnehagen. Brukte lang tid på å gå heim. Har faktisk gløymt kor mykje som er interessant og kor mykje ein kan undre seg over når ein er ute og går. "Oi. Sjå der er ein John Deere. Oooi! Ei gravemaskin og!" Og litt lenger borte i vegen.. "Kva er dette, Elisabeth?" "Det er ein asfaltbit." "Ååh. Den tek eg med meg, puttar den i lomma eg!"

Sjarmerande karar. Heime har vi ete middag, leika med bilar, hoppa på trampoline..
Middagen vart granska og analysert til minste detalj. "Kva er dette? Det er grønt!!" "Det er purreløk!" "Ææsj. Løk det likar eg ikkje!" Men jammen gjekk det ned..

Det er deilig å vere heime. Og enda deiligare med ein god klem fra slike kjekke karar. Rett før dei gjekk fekk eg vite at dei kom til å sakne meg. Og at Hans Jakob måtte vere med neste gong!



Karl Johan, eg og Georg

1 kommentar:

Hans Jakob sa...

Gledar meg sånn til å treffe karane igjen! Du må helse dei så mykje :)

Elles hev du no ein her i Trondheim som lengtar etter å klemme deg, kikke på gravemaskiner med deg og analysere middagen din!

Glad i deg og saknar deg venn! Kos deg på Sandane i helga!