11 januar 2007

Forrige blogpost presenterte eg min kamera(t). Men det har seg faktisk slik at eg i tillegg til han, har enno ein kamerat. Han heiter Tor.O. Vi er svært gode vener. Noko som er kjekt med gode vener er at ein kan invitere kvarandre på besøk for å finne på noko kjekt saman. Tor.O. er svært ofte på besøk hos meg. Og når han er her, er det som oftast på middagsbesøk.
Du har sikkert fatta poenget no, og for at du skal sleppe å le (evt. ikkje le) av mine smådårlige ordspel, så skal eg komme til saken.

Toro. Kva skulle eg gjort utan deg? Slagordet er Toro – en verden av muligheter. Og eg bøyer meg i støvet. Umåtelig mange moglegheiter. Som student er det heilt herlig å kome heim i leiligheta, vite at der ligg noko godt frå Toro i boksesystemet i den store brune kjøkkenhylla. Ja, dei to første boksene frå høgre kan likså godt kallast Toro-boksane. Det er der produkta bur.

Boksene inneheld mange produkt. Ica Maxi hadde Toro-sal i haust ein gong, og som god Sunnmøring hadde eg med sekken, og handla det eg vann. Solveig og eg lev fortsatt godt på det. Byrjer du å verte nysgjerrig på kva som er i boksane? Eg vart det eigentleg litt nysgjerrig sjølv. Best å ta ein kikk..

I stigande rekkefølgje:
½ pose Bergensk Fiskesuppe
½ pose Tomatsuppe med makaroni
1 pose Kremet Blomkål- og brokkolisuppe
1 pose Langpannekake
1 pose Raspeballer
1 pose Rett i Koppen Blomkål- og Brokkolisuppe
1 pose Rondane Viltgryte
1,5 pose Bretagne Kylling Saus med paprika og kvitløk (1/2 pakke er nok for 1)
3 posar Vilt Saus
4 posar Carbonara Pastasaus
8 posar Bernaise Saus (Solveig sin favoritt)

Men ser at det er mykje som manglar før Toro-boksane vert komplett. T.d. brownies, lasagne, pizzafyll og sjokolademousse type daim + +

PS: Eg starta på denne posten mens pizzaen stod i ovnen, trur eg vart særs inspirert av den gode matlukta, i tillegg til at eg kjente svolten langt ned i magen.
PS2: Det kan jo no sjå ut som om at eg er eit særdeles stort matvrak. Til mitt forsvar. Eg er ei av dei mange tusen som startar opp med trening med hyppigare frekvens no etter nyttår!

5 kommentarer:

Christine sa...

Hehe, morro at du t.o.m. sortera TORO-produkta alfabetisk!! : ) Vi snakkast imorga, hunny!

MEg sa...

Vilt Saus? Kven er det for ein? Han har eg ikkje høyrt om før..
Ikkje Bernaise Saus heller for den del.

Kjentfolk? Eller har Tor O. ein svigerbror som kom med etternamnet Saus?







(Og ja, eg teitar meg. Ein blir smårar av det her, skal eg seie deg...)

Elisabeth sa...

Les på pakkane. Mange gode orddelingsfeil. Og eg kunne jo ikkje akkurat fornærme Tor.O. ved å rette på dei :) Orddelingsfeil er dessutan eit så stort tema at det nok kan hende at det må bli ein eigen post..

Anonym sa...

Ej e klar for Toromiddag når ej kjeme:)

OK sa...

Gamletannlegen min heitte Tor O. Han har óg vore ordførar på Tysnes. Du kan sjå bilete av han her .

PS: eg tok ikkje Tor.O - Toro-samanhengen med ein gong.