08 januar 2007

Godt nyttår! Og takk for det gamle!

Som de sikkert har forstått, har eg tatt meg ein god og lang ferie frå bloggen min. Eg trengte det. Men no er eg tilbake i Trondheim. Skulen starta idag, rett på med repetisjon frå haustsemesteret. Det var naudsynt. Kven skulle trudd at eg hadde gløymt kva teiknet for søndag var?! Uansett. Eg er tilbake. Og klar for å poste, det som skjer, når det skjer.
Det har skjedd litt av kvart i livet mitt sidan eg posta sist. Eller, etter nærare ettertanke, eigentleg ikkje så mykje. Difor gidd ikkje eg å ta ei oppsummering av det.
Men det må nemnast at eg storkoste meg på Explore. Fekk ein dag i bakken der. Heime var det ikkje snø, difor lite ski. Er meir enn klar for å få stått no.
Elles er det ein anna stor ting som nyleg har skjedd i livet mitt. Eg har fått meg kamera(t).

Min nye kamera(t)!

Dette vart ein svært uryddig post. Men lover å kome sterkare tilbake med kjekke oppdateringar. Dessutan vil eg og min nye kamera(t) bruke mykje tid til å forevige det som skjer. Det vert kjekt! Ha ein fin kveld.

4 kommentarer:

Møyfrid sa...

explore va kjekt, kafehusbandet rocka, skikjøring va digg, å du e kul. 10.-13. februar dukke dette håve her opp i trondheim. hipp hurra viss du e der då! takk for meg å go natt

Christine sa...

Juhuu!! Ei etterlengta oppdatering!! Gler mej til å treffe dej og din kamerat om ikkje so lenge!! : )

Per sa...

Hmmm... skeptisk. Du og din gamle kamera(t) gjorde nok ugagn ;-)

Jan Tore sa...

Grattis med nytt kamera! Og Explore er en fantastisk måte å avslutte et år, for så å starte det neste!