30 januar 2007

Klar melding ut!
Hugsar de då Trond Viggo Torgersen var barneombod? Det gjer eg. Spesielt hugsar eg Klar melding ut. Der kunne ein sende ei klar melding inn, for så å få eit klart og godt svar tilbake. Svara på Klar melding inn, brukte å stå på side 410 (trur eg), på tekst-TV på NRK. Dette var fast lektyre for meg, når eg skrudde på TV-en. Har lært mykje av desse klare meldingane, både inn og ut. Typiske spørsmål kunne vere. Mamma og pappa skal skiljast, kven skal eg bu med? Korleis skal eg unngå å såre ein av dei? Eller. Eg er sjalu på venninna mi, for ho har nett fått seg kjærast. Kva gjer eg? Også vidare.. Som barn hadde eg heldigvis ikkje store problem, og slapp difor å sende klare meldingar inn.



Men no, har eg tenkt å opprette ei Klar melding ut-spalte her på sida mi. For tida skulle eg ynskje at det berre var å sende ei Klar melding inn, og deretter få eit godt svar på tekst-TV på side 410. (Det som er leit, er at denne sida ikkje eksisterer i dag.) Eg har ikkje som mål å svare på problema til de som les dette. Men heller som ei spalte der eg kan få gi uttrykk for kva eg tenkjer på.

Dagens klare melding ut, og eg stiller den som eit spørsmål. Så det vert det på ein måte ei klar melding inn..:
Korleis skal ein overvinne døgnets 24 timar? (Når eg må sove minst 8 av dei, og då berre har 16 t igjen.) Kva gjer ein for å strekkje til? Korleis skal ein få tid til det ein vil, og tid til dei ein vil dele tid med, slik som t.d. gode vener?

3 kommentarer:

Astrid sa...

Eg har eit spørsmål: Korleis skal eg klare å slutte å knote på dialekta?

Elisabeth sa...

Tykkjer du eg knotar på dialekta? Lev deg inn i kvart eit ord du skriv, og kvart eit ord som kjem ut or munnen din. Og sjå for deg Ivar Aasen i hovudet, medan du nynnar på "Dei gamle fjell i syningom". Eg trur dette kan vere ein god medisin for å slutte og knote på dialekta..

Astrid sa...

Nei, du knotar ikkje, hehe, eg gjer det. Men takk for tipset, eg skal nytte det :)