22 januar 2007

Kollektive transportmiddel. Desse har vore mine næraste vener i den siste tida. Team Trafikk, Fjord1, NSB, SAS og Norwegian. Desse er vener eg stadig vekk nyttar. Men i seinare tid, faktisk akkurat i dag, kjenner eg at eg byrjer å verte litt irritert. Og å vere irritert på venene sine, er ingen god ting.
Grunnen til at eg har vorte irritert, og då først og fremst på Team Trafikk, er at eg i dag brukte over 1,5 t til skulen. Etter nattevakta mi i natt, kvilande nattevakt vel og merke, sette eg meg på bussen frå jobben, som er omtrent på Heimdal. Tenkte med meg sjølv. "Digg, no rekk eg bussen som går 0755 frå byen!" Men neida. Klokka halv ni var eg i byen, og då var fortsatt ikkje bussen som skulle ha gått 0810 kome. Dette, i tillegg til at eg allereie var ganske kald på beina (treng nye vintersko), pluss at eg måtte stå resten av vegen frå byen til skulen, og i tillegg bruke over 1,5 t på å kome meg hit, gjer at eg er litt irritert på Team Trafikk.
Men det kanskje største problemet er at det ikkje er Team Trafikk si skuld, fordi det hadde vore ei ulukke på innfartsvegen til Trondheim. Og då har eg plutseleg ingen å skulde på. Det gjer meg og litt irritert.
Uansett. No veit de meir om kva som har skjedd denne morgonen min. Det fine er at eg enno ikkje har starta på skulen. Så eg slapp i alle fall å kome for seint.

1 kommentar:

Hans Jakob sa...

Eg er litt irritert på nokre av venene mine òg. Nermare bestemt Hr. Pute og Frk. S.Eng. Dei heldt meg bom fast i dagtidleg slik at eg kom for seint til førelesning. Slik går det altså når ein ligg med venane sine..