15 februar 2007


I det siste har det skjedd så mykje at eg ikkje ein gong har fått tid til å oppdatere bloggen min. Men no kjem det ei aldri så lita biletkavalkade av, ja, eg trur den beste helga til no i Trondheim!
På biletet ovanfor ser du Sagavoll Angels 05/06. Vi vann nattcupen til Student-KRIK Trondheim. Fantastisk laginnsats av Hanna, Torhild (innlånt frå Nordfjord 05/06), Silje, Ingeborg, vingane mine og Tone! I midten ser de og pokalen som snart får Sagavoll 05/06 inngravert. Er ikkje det flott så veit ikkje eg!


Pause under aktiv shopping på g-sport.

Feiring av at vi vann nattcupen. Supre premiar. Eit gåvekort på 500 kr på Dolly Dimpel's. Ein fotball, som no har tilholdsstad i Torshovgata, Ferrero Rocher og den allereie mykje omtalte pokalen. På biletet ser du Tone, Silje, Torhild, eg og Hans Jakob!


Søndag var det tid for mykje middagsbesøk. I tillegg til Saga-jentene, kom også Ingeborg og Møyfrid frå Valdres 05/06 på besøk. Så kjekt. Takk til Ingeborg som tok med to ekstra middagstallerkenar! Det var nødvendig. Tuusen takk til alle sammen som gjorde helga mi heilt fantastisk! Ej kooste mej!

3 kommentarer:

Møyfrid sa...

Ej også kooooste mej!

Lillian sa...

Gratulera med seier og kjærast!
Konge!

Anonym sa...

Ej veit ikkje heilt korsen ej skal tolke det at du har hatt den beste helga til no i Trondheim samtidig som ei av dine nærmaste (beklager, men ej huska ikkje heilt ken..) får grundig innsyn i St.Olavs sine rutiner når det gjeld medisinering...