18 februar 2007


Klar-melding-ut: T E R R O R - A L A R M!
Ser de det same som meg? Trondheim er ikkje lenger ein trygg by å bu i. Og spesielt ikkje for meg, som har Tyholt-tårnet som ein av mine næraste naboar.
Ein dag i førre veke var eg ute å gjekk, og naut sola som strålte mot meg. Brått var det som om sola forsvann, og eg såg mest alt i svart-kvitt, eller gråtonar om du vil. Verbet skremme - skremte - har skremt kan nok beskrive kjenslene eg har no. Eg er rådvill.
Kva er det som skjer? Kvifor siktar ein av kanonane på festninga mot Tyholt-tårnet? Kvar sikter dei andre kanonene? Er det fleire terror-mål her i Trondheim by?

3 kommentarer:

Anonym sa...

haha.. so søt du e;)
d går nok bra ska du sjå..

viss ikke får du flytte heim t sykkylven.. her sjer ikkje d so masse:P

Christine sa...

Heyy!! What up? Kankje vi finne på noke en dag? Snakka me ne Marianne igår om forening, å fann ut at neste veke en gong passa bra! Onsdag f eks? : ) Men ej ser no dej før de! For vi skal til Straaandaa!! Såg du me hadde fått plass! Kjekt! : )
Ellers alt fryd og gamen?

MEg sa...

Kanskje terror-mål er det riksmålsfolk kallar Aasenmålet.
Kanskje er det målungdomen som trugar med å slå ut kringkastinga om ikkje nynorskandelen i media vert auka.
Kanskje er det ein muslimsk mediaorganisasjon som freistar å få kontrol over den norske eteren ved å slå ut alle dei andre.
Ein kan skikkert finne noko som skuldar jødar óg, men de et mykje meir i vinden å skulde på ein muslim. Det gjer det heile litt meir stuereint.