29 november 2006

Ferdig. Vi er ferdige! Eksamensoppgava ligg no fint i ei mappe, klar for levering før kl. 11 imorga. Dei to siste dagane har vore rimeleg hektiske.
Frå morgon til kveld har Ester, Inger Lise og eg vore benka rundt kjøkkenbordet. Døvekyrkjer, døvekultur her og der, gode og dårlege argument. Ja. Rett og slett, eit herleg køyr. Kjekt også. Endelig har eg gjort noko meir enn å seie at bilen er raud, på teiknspråk vel og merke. Eg er fornøgd. Dette er den første oppgåva vi på gruppa har skrive etter VGS. Det merkast. Uansett. Mykje slit, mest morosamt.
Slik kan det sjå ut, når teiknspråkstudentar arbeider flittig.


Ester og Inger Lise arbeider flittig?!
Legg merke til putene på stolane. Dei er harde. Stolane altså.

Inger Lise snakkar med Stein Mydske i Bibelselskapet. (Smiler du Eirik?)
Eg er telefonstativ. For eit herleg samarbeid!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hehe! Jammen e d godt å ver ferdige! Men morro va d1 Nå e probleme bare å kobla ud hjernen! Takk for godt vertskap ( både Solveig og Elisabeth! (va d godt nok solveig????) ) Jeje.. glede meg t i kveld! Nå e d julevask!

Anonym sa...

Les hele bloggen, ganske bra