08 november 2006

På grunn av ein svært morosam kveld i går, les førre innlegg, fekk eg så lyst å poste ein gamal logg frå juni, då eg tilbrakte fleire dagar som eksamensvakt på Sykkylven Ungdomsskule, og på Sykkylven Vidaregåande skule. Denne loggen er frå ungdomsskulen.

Eksamensvakt

0905: nok ein dag
1209: 3 har levert - eg har blitt omtala som den blonde kvinna ved kateteret, i ein av stilane *stolt*
1210: eg drikk 24, lettmelk med sjokoladesmak, ikkje verst
1212: ein legg jakka si under det eine beinet på pulten, no vippar ikkje den lenger
1216: 24 smaker verkeleg godt
1217: han som sit rett framføre kateteret får eit nytt innføringsark
1225: 4 leverte på ein gong - action!
1242: nok eit innleveringsrush
1252: ein gut har eit hol under eine arma i t-skjorta
1300: så søtt, ein har skrive om sin tapte kjærleik
1301: berre tre igjen
1302: må på do, har drukke ein 1/2 l 24, lettmelk med sjokoladesmak
1304: kan ikkje dei berre verte ferdig då?
1311: vidar berg, min gamle mattelærar er også omtala i ein av stilane
1319: ein mann går på taket på huset over vegen
1326: ein av hovudpersonane i ein av stilane heiter det same som min far (heider og ære til den som veit kva han heiter ;)
1357: har vore på do. det gjekk strålande!
1410: ei att
1413: lei no
1419: nytt innføringsark? aah.
1430: jaaa - ferdig

1 kommentar:

Silje sa...

For en passande sommarjobb for slike oppmerksomme bærter som dej:) Ha ei hærli helg i bartebyen!