07 november 2006



Kveldsøkt med søstrene Haugen:

2115: Solveig står i dusjen, ropar til meg at eg skal sjekke om vaskemaskina lekk sidan pakninga er gåen. Det gjer den.
2117: Eg går ned i kjelleren, igjen. Hentar opp Hatting rundstykker. Setter vaskemaskina på sentrifugering.
2118: Legg rundstykka i ovnen. 12 min å vente.
2120: Solveig er ferdig å dusje. Hører Schistad (husvert) i gangen, stikk hovudet ut og informerer om at vaskemaskina lekk. Han skal vurdere om det vert ny vaskemaskin til helga.
2121: Schistad spør om vi vil ha kake. Det vil vi.
2123: Kake nytast. Sjokolademoussekake med mørk sjokoladekakebotn og vaniljekrem.
2130: Kveldsmat. Rundstykka er ferdige.
2131: Vi syng "O du som metter.." høgt, som vanleg.
2131 - 2135: Lang stillhet. Kveldsmat er godt.
2135: Eg seier at eg får ei viss tilfredsstilling av å bruke opp ting, i samband med at eg skraper det siste smøret ut av bordpakningen. Og byrjer videre å ramse opp paragraf 9 i speiderlova: "Ein speider er nøysom og prøver å klare seg sjølv."
2136: Solveig og eg syng speidarbøna i kor.
2137: Solveig seier at det er nok med ein k i nok. Eg seier, det er aldri to m'ar i men.
2138: Vi ler. Og eg skriv blogg.

5 kommentarer:

Anonym sa...

Venter i spenning på nyheter om vaskemaskinen:)

Oss to sa...

Elisabeth vennen miin!
Vi må finne på noe ja...denne uken her har jeg fullt program stortsett hele tiden...btw så fritt vilt..den var MAJOR skummel!!!er redd fremdeles jeg....men vi må finne på noe etter helgen da eller noe slikt!! Glad i deg! =)

Anonym sa...

Gammal speidar døyr aldri, det berre luktar sånn? I alle fall dersom vaskemaskina tek kvelden?
"If it is not fun, it is not scouting," som gamle B-P sa.
Ver budd, jenter!

Anonym sa...

Fantastisk å sjå gamle speidartradisjona haldast i hevd! Hadde nesten gløymt heile songen. Spent på å sjå om det e same som KFUM si speidarbøn.

Fole kjekt å lese loggane dine..hehe. Burde våre eit alternativ på norskeksamen, i tillegg til essay og kåseri og slikt..

Elisabeth sa...

Den nye vaskemaskina ligg i denne augneblink på tilhengaren til Schistad utanfor kjøkkenvindauget vårt. Eg kan nesten ikkje vente på å få vaska klé. Det er med andre ord svært nødvendig! Ha ei go helg!