12 november 2006


Sudan - Team SUD07

På biletet ser du Sudan. Afrikas største land. 8 gongar så stort som Noreg, og 1/4 av USA. Og dit skal eg. Eg skal dit!! Til sommaren reiser Ingrid Austeng, Per Aaslid, Hans Jakob Hunnes og eg på Team frå Global-KRIK Trondheim, til Yei og Morobo i Sør-Sudan. Dette vert kjempespennande! Her skal vi arbeide for å føre Chrisc (Christian Sports Contact) vidare. Litt kjapp fakta..

Sudan har mellom 35 og 40 millionar innbyggjarar. Og er eit land der ca 70 % er muslimar, 5 % er kristne, og 25 % har forskjellige stammereligionar. Ca 40-50% snakkar arabisk, resten snakkar diverse stammespråk. Sudan blir styrt frå Khartoum som er hovudstaden. Det svært mange tenkjer på når dei høyrer om Sudan er Darfur, og sultkatastrofen. Og på borgarkrigen som varte frå ca 1956 - 1972, og som starta opp att i 1983 då den arabiske regjeringa innførte Sharia-lova. Dette vart så klart eit stort problem for alle dei som ikkje hadde tilknytning til Islam. Men i 2005 vart fredsavtalen skriven under. Og i 2011 skal det vere ei folkeavstemming, der ein bestem om Sudan skal delast i to. Kanskje vil då Sør-Sudan skilje seg ut, og bli ein eigen sjølvstendig stat. Situasjonen idag er både og. Uroligheter finnest. Men Sør-Sudan, dit vi skal er forholdsvis rolig.

I helga har eg vore på hyttetur saman med årets team, og fjorårets. Ei fantastisk kjekk helg, som eg kan oppsummere slik..
.. fredag: kald hytte, tom gassbeholder, kortspeling, gitarspeling, pannekaker og kakao
.. lørdag: faglig, ut på tur, ny gassbeholder, varm hytte, faglig, taco, speling, swing, kakao og boller
.. søndag: sove lenge, lang frokost, faglig, swing og middag

Eg har hatt ei kjempekjekk helg!

Solveig, Karl Edvard og Per - Sud06 og Per, Ingrid og Hans Jakob - Sud07

4 kommentarer:

Anonym sa...

Måtte berre ein tur innom og dobbeltsjekke at der ikkje var nokre, skal vi kalle dei, "utleverande" bilete her.. Ser bra ut dette Haugen! No er eg klarare for senga enn ei jomfru på bryllaupsnatta.. Gudnæit!

Anonym sa...

Nei her var det bare høytsvevende bilder.. Fin fjelltur. Takk for helga, Elisabeth... I hadde hvertfall ei knall helg sammen me dåkkå. Ser ut som du har fulgt bra med på oppdateringa og... :D
Tror dåkkå blir et KNALL team!
E nesten litt misunnelig :D
Vi talast!

Sindre aka Sid sa...

då va du lagt til vettu! blir nesten litt flau, seff ska du være der! så no har du bare med å legge meg til! godt å se at du trives i barteland, og kongeplaner du har for sommeren, nesten godkjent grunn for å skippe norheimsund/saga festivalen viss d kræsjer..

Anonym sa...

ååååå så gøy!!
du er heldig som får være med på det!!