20 februar 2008
23 desember 2007
Vidare i februar vann Sagavoll Angels 05/06 nattcupen til Student-KRIK Trondheim. Det var koseleg med besøk frå kjekke sagavollvenninner, som meistrar både volley, basket og fotball! Same kvelden skada Solveig seg i hovudet, då ho falt under oppvarminga. Pappa kom neste morgon, og Solveig låg på sjukehuset i ei veke. Det er godt å merke at familien stiller opp!Mars kom med både volleyballtreff, 21-årsdag i Oslo og ein lang og god ferie hos dei same kjekke sagavollvenninnene og hos Marianne. Artig og treffe kjentfolk. Ferien i Oslo vart avslutta med Global-KRIK-samling, der dei ulike teama som skulle på utreise vart kjent og førebudde seg.
Så vart det påske, og den vart feira først på Stranda, der eg var med som leiar på KRIK-leiren OffPiste. Etter dette vart det fine dagar i Sykkylven og Volda, med skiturar i Sykkylven, men ikkje i Volda. Då eg var litt handikappa etter krasjen Hans Jakob og eg hadde på veg til Volda langfredag. Det vart ei roleg påske etter dette! Men vi fekk no med oss ein topptur, og ein fantastisk dag på Fjellsetra med pudderpumping. Kjekt!
I mai hadde dei fleste nok med eksamenslesing, men ikkje eg. Teiknspråk er eit lite teoretisk studium! Det har eg tenkt mykje på i haust. Eg feira 17. mai med godt samvit, var heime ein tur på rekonvalesens, ein tur til Sandane og besøkte Simen, og i skogen på tur med Hans Jakob. Deilig og ha ei roleg eksamensoppladning.
Men dei første dagane i juni vart meir hektiske. Då var det eksamensøving i kvar ein park i Trondheim. Fint ver førte til at vi var ute, og sat på mange ulike grasplenar rundt om i Trondheim, snakka med kvarandre og øvde fram mot eksamen. Det gjekk bra. Og rett etter denne bar det heim på jobbing i ei veke, før eg sat kursen mot det store utland.
Ingrid, Per, Hans Jakob og eg var representantar frå Student-KRIK Trondheim, og var dei heldige utvalde som fekk reise til Aust-Afrika i fire veker. Det vart ein tur med både oppturar og nedturar. Først var vi ei veke i Nairobi og Voi i Kenya. Der besøkte vi heimstadane til Hans Jakob og Ingrid, før vi reiste vidare derifrå og til Moshi i Tanzania. Vi var med på East-Africa-cup, som er Afrikas største fotballturnering. Etter ei veke reiste vi til hovudstaden i Uganda, Kampala. Der vart vi ei veke. Fekk med oss både rafting, turistmarknad og sjukdom, som gjorde at vi måtte utsetje reisa inn til Sudan med nokre dagar. Sudan var hovudmålet for reisa vår. Der var vi i ei veke. Vi gjennomførte leiartrening og instruksjon i ballspel for lokale leiarar i Christian Sports Contact (CHRISC). Det hadde nok vore kjekkare dersom eg ikkje berre måtte ligge i hytta, på grunn av sjukdom. Eg var nok mest klar av alle for å reise heim att. Og det er ei stund til eg kjem til å kjenne behovet for å reise ned att, men det var verkeleg ei oppleving for livet. Turen gjorde og sitt til at eg vart nøydt å investere i ein ny kamerat, altså nytt digitalkamera, då den trufaste kameraten gjennom 6 mnd gjekk frå meg der borte. Tilbake i Noreg vart nytt rosa digitalkamera innkjøpt. Fornøgd! http://sud07.blogspot.com/
Etter Afrika var det enno litt meir ferie att. Og godt var det. Tur i Tafjordfjella med familien, feiring av svoger Olav sin 40-års-dag, litt jobbing, og ein fantastisk sørlandsferie med Hans Jakob. Vi koste oss maks på Hansbu i Rondane med foreldra hans, på Lyngør, hos søstra og familien hennar i Homborsund og på den lange bilturen. Herlig!
Vidare var det igjen klart for nytt semester, Hans Jakob på medisin, og eg på anvendt språkvitskap, eller språkleg kommunikasjon for å seie det på den lette måten. Vi trivast begge to i Trondheim. Det er så kjekt å bu i same by, og med søster Solveig som min sambuar trivst eg som plomma i egget! I haust har eg ikkje vore noko ute å farta, men det har no skjedd litt likevel.
Vi har hatt besøk av søstra til Hans Jakob og familien hennar og av sagavolljentene. Vidare er vi med i KRIK, går litt i Salem, og er elles med kvarandre, med Solveig og med vener. Det er mange kjekke ting å finne på i Trondheim, mitt høgdepunkt var nok no i desember på WorldCup i hopp i Granåsen. Kjekt.
Hausten gjekk fort, eg trivst godt med det eg studerer, og Hans Jakob og. Gler meg faktisk til å starte på att etter nytt år! Det lovar godt. No rett før jul har eg vore ein tur til Sandane, og ein tur i Volda på førjulsbesøk. Her heime er Marianne, Solveig, mamma og pappa, farfar og eg klare for å feire jul. Det er så kjekt i år, eg skal ikkje arbeide noko og har berre fri. Det er herleg!
No er det vesle julaftan, og eg er meir enn klar for å berre slappe av, strikke, og sjå på Grevinnen og hovmesteren på NRK. Det er deilig med jul, eg gler meg, som alltid. Som nemnt i starten, høyrer dette blogginnlegget inn under sjangeren julebrev. Då vert det vel ganske naturleg å avslutte med nokre velvalde ord som kan minne oss om den eigentlege årsaken til at vi no har fri, og er heime for å slappe av.
14 desember 2007
07 desember 2007
05 desember 2007
03 desember 2007
Helga var flott. Fine dagar på Sagavoll med jentene. Kjekt! Elles var ski på søndag, joda det vart kjekt det! Ikkje like fine forhold som de på Oppdal hadde, men likevel godt og mjukt i bakken, og ein god åpningstur for sesongen! I natt reiste eg frå Sagavoll til Trondheim på natt-toget. Det vart både kaldt og guffent, sjølv om eg hadde fleecepose.
I dag har dagen gått med til å stelle og stulle for Hans Jakob som går på krykker etter eit uhell på ski i går. Eg vert nok ei god husmor?! :p I kveld har eg vore på Global-KRIK-juleavslutning. Det vart både kort til Afrika, og julekrubbe av pepperkake. Bilete kjem seinare. Orkar ikkje meir no. Ha ei god natt!
01 desember 2007
Til alle dykk andre: Eg er på Sagavoll i helga, så dette vert kun ein kort post. Eg skal 1) kome med eit lite tips, og 2) gjere dykk grøne av misunning.
1) Dersom du er ein av dei som ikkje har fått adventskalender med søstra di, kjærasten eller med tre søte små gutar som du ein gong har passa, (som meg), kjøp deg ein pakke med nellikspiker, du finn dei i krydderhylla i butikken, og ein appelsin. Og gjer som Skomaker Andersen. Lag din eigen kalender!
2) Eg skal på ski i morgon. På Rauland. Eg skal kjøre i 20 cm pudder som har dala ned i dag. Eg gler meg. Rapport kjem kanskje i morga, viss eg rekk det før eg set meg på toget og tek turen tilbake til trønderhovudstaden, og til Hans Jakob og Solveig!
Ha ein god 1. desemberskveld.
28 november 2007
03 juni 2007
http://www.sud07.blogspot.com
No er det akkurat to veker til eg reiser frå Volda. Merker at det nærmar seg, og eg vert meir og meir spent, og meir og meir usikker på kva eg eigentleg treng i Afrika. Har du gode tips så sleng dei gjerne ut!
Har nett komt att frå ei overnatting i skogen under åpen himmel som resulterte i fleirfoldige myggstikk. I morga har eg eksamen, så det er kanskje på tide å legge inn giret? Eg skal i alle fall prøve litt på det i dag.
Ha ein god søndag.
20 mai 2007
Garden
Marianne, Kristian og Eline med fana vår.

Eg og Torhild.
Ester, Mathias og Astrid var ferdige å gå i tog.
Camilla, Marianne, Kristin, Runi og Ingvild var og ferdige med toginga.
Marit og Ingrid var som resten ferdig med tog for RAFT.
Solfrid og Monika gjekk ikkje i tog. Men ropte fint HURRA!
Hans Jakob og eg fyrer bål. Koselig!
10 mai 2007
Karl Johan, eg og Georg
08 mai 2007
03 mai 2007
Dette har skjedd i det siste i livet mitt:
- eg har bestemt meg for å bu i Trondheim til hauste
- eg skal ta ein bachelor i språklig kommunikasjon på dragvoll
- eg har vore fryktelig sliten
- har levert eksamen og siste obligatoriske oppgåve
Elles har eg vore mykje med Hans Jakob. Det er kjekt!
Framover har eg ikkje så mange planar, anna enn å:
- jobbe meg fram mot eksamen
- trene litt igjen
- få overskot
- planlegge tur til afrika til sommaren, det nærmar seg med stormskritt
- stå på eksamen og få ein god karakter!
Bloggoppdatering kjem og går med humøret. Enkelte dagar er det fryktelig kjekt å oppdatere. Andre dagar gidd eg ikkje.
Ha ein god dag!
20 april 2007
13 april 2007

Offpiste - KRIK på Stranda
Oddveig er mesterkokk for blomkålsuppa!

Vi vart sponsa med 200 grandiosa.Og 80 personar greidde fint å ete opp desse i løpet av leiren.
Vannteamet. Treng ikkje seie meir. Synnøve og Henrik.
Felleslunsj. Kjekke saker.
Under ser du korleis ein ivrig teiknspråkstudent fekk alle til å "klappe" i takt!
Ski på Fjellsætra med mamma, pappa og Hans Jakob

Det snødde og snødde, påskepudder!
Langfredag starta med ein fantastisk pudderopplevelse!

Vidare vart det mindre kjekke opplevelsar denne dagen.
Bilen ville gå sin eigen veg på nullføret.
Det endte med 360 på vegen, før vi kom over i feil kjørefelt og enda i grøfta på motsett side av vegen.
Vi vart livredde. Og er framleis takknemlige til Jesus for at han passa på oss.
På besøk i Volda. Alt eg kan ønske meg.
Nyredd seng, med vakre sommerfuglar på sengetrekket, og påskeegg frå Hans Jakob!
I Volda kan ein vere aktiv i symjehallen! Kjekke saker!
Knebeskyttar i form av flytevingar, fordi eg fekk ein ganske kraftig blåkul på kneet i krasjen.
Og til slutt, han som i samarbeid med Jesus, sørgjer for at påska var og framleis er perfekt!
Hans Jakob med nye ski! Takk for ei fin påske saman med deg!
29 mars 2007
Gratulerer med 55 år i dag, Pappa!
Ej e gla i dej!
Nr. 2:
Ej reise heim på påskeferie i dag!
Påska skal inneholde:
- biltur med Hans Jakob heim til Sunnmøre i dag
- Offpiste - leiar på KRIK-leir på Stranda fra lørdag til onsdag
- besøk av Hans Jakob fra onsdag til fredag
- besøk til Hans Jakob!, fra fredag til mandag
Pluss elles det vanlege. Mykje appelsinar, påskeegg og kvikklunsj.
Forhåpentlegvis også litt hytte. Hurra!
26 mars 2007
Dei var så gode at eg mistenker han for å ha kjøpt dei.
Eit anna viktig poeng er at eg har særs stygge solbriller,fordi eg øver meg til Afrika.
Fekk dei i bursdagsgåve med Ruth Eva.
Ho seier at i Afrika er alt lov,
og at ingen tykkjer solbrillene dine er stygge.
22 mars 2007
Vart ramma av denne forferdelige epedimien av Lina. Derfor må eg skrive seks rare ting om meg sjølv. Eg gjer dette med stor motvilje, og vil difor ikkje ramme andre. Kos dykk.
1. Eg er ein forferdelig dårleg vinnar i brettspel.
Dette er vel eigentleg ikkje så veldig rart, men berre rein fakta.
2. Eg deler soverom med storesøstra mi.
3. Eg studerer teiknspråk, og tykkjer teiknspråkteorien er det kjekkaste, dette må vel karakteriserast som ein rar ting. I alle fall for spesielt interesserte.
4. Eg har min eigen handarbeidsskryteperm. Flau? Ja.
5. Eg har spelt piano i 8 år, men kan framleis ikkje f-nøkkelen. Altså den linja som ein speler med venstre hand.
6. Var i seng før tolv dei aller fleste kveldane på folkehøgskulen. Ja til søvn!
20 mars 2007
Volleyballtreffet.Gutane våre speler her mot 95/96. Dei rauk i kvartfinala. Vi rauk i semifinala. Kjekt var det. Sagavoll er som alltid bra!
Kristine og Ida kosar seg med yoghurt!
21 år.Hurra for meg! Hans Jakob var i Oslo i nokre timar. Sjå kor glad eg var for det.
På biletet under pakker eg opp pakke på Oslo S før han skulle reise tilbake til Trondheim. Eg er så glad i deg!

Bursdagsreker med jentene.Silje, Tone, Ruth Eva, Oddveig, Ingeborg og Hanna (ikkje med på biletet) .
Takk til søster Marianne som villig låner vekk leilighet!

Etter bursdagsrekene drog vi tilbake til Torshovgata.
Der venta KRIK-gutane med overraskelsesbursdag for meg.
Tuuusen takk! Eg vart litt overraska, og mest glad!
Randi var der og. Tusen tusen takk for koseleg kort!
Med det same nytter eg høvet til å takke alle som huska meg på dagen, og dagane etter!
Koselig å verte hugsa på!
Tone, Oddveig og meg.

Øyvind og Jan Tore.

Som de kanskje no forstår har eg vore leenge i Østen, eller Oslo om de vil.
Det var kjekt. Her et eg lunsj med Marianne!

Ingrid og Per.
I helga var det Global-samling i Oslo.
Alle teama som skal reise ut for Global-KRIK var tilstades.
Vi fekk info, inspirasjon og fekk jobba ein del med planlegginga!
Det blir så bra. I tillegg til å reise til Sudan skal eg og til Kenya, Tanzania og Uganda.
I Tanzania skal vi vere med på East African Cup, som er ein stor cup med heile 48 lag frå heile Aust-Afrika,
og frå organisasjonane CHRISC, MYSA og EMIMA! Dette vert spennande.
Eg og Hans Jakob.


