26 oktober 2006

Det å skulle flytte til ein ny by, få nye vener, studere noko heilt nytt og samstundes ha tid til alle dei gamle venene sine er ikkje enkelt.
Eg har mange vener. Stundom kjennest det som om at eg har for mange vener. Eg får nemlig ikkje tid til alle, like mykje som eg gjerne skulle ønska.

I sommer hadde eg ei fantastisk oppleving. På Arena, KRIK sin leir for ungdom frå 16 år og oppover. Eg sat på møte, tenkte litt, hørte på det som vart sagt frå scena, såg meg litt omkring, og plutselig oppdagar eg at eg sit i midten av ein stor gjeng. Der alle som sit rundt meg, både foran, bak og på begge sidene, er svært gode vener av meg. Eg vart ufattelig glad. Og kom fram til den konklusjonen at eg er heldig.

Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. Fil 1,3


Det var akkurat dette eg gjorde då eg sat på benken. Eg takka Gud for at eg er velsigna med så mange gode vener. Og heldigvis også velsigna med den beste venen av alle, Jesus!

2 kommentarer:

Møyfrid sa...

Hei du - du har stjelt tankane mine!

Me e verkeligt velsigna me..

Anonym sa...

Vil bare si at dette var en utrolig bra innlegg Elisabeth. Utrolig fort å ta ting for gitt, og ikke tenke over sånt. En virkelig tankevekker. PS: Snart fjorårstreff.......