15 oktober 2006

I dag har vore det som eg vil kalle ein ordentleg søndag. Reint bortsett frå at eg ikkje har vore til gudsteneste. Dagen starta ganske brått kl 1115. Då fekk eg ein tlf frå Hanne, eg trudde det var vekkerklokka, og skrudde difor berre av. Forstod ganske fort at det ikkje dreidde seg om vekkerklokka, då eg ganske kjapt fekk ei mld der det stod: "Eg har eit spm!" Hehe. Spørsmålet var om eg ville vere med å spele Frisbee Cross Golf. Dei som kjenner meg veit at eg liker frisbee ganske godt, difor var valget enkelt. Frisbee Cross Golf i bymarka frista! Det heile går ut på at vi er to og to på lag, kastar frisbeen annakvar gong, og vi skal kome oss fra A - B på færrast mogleg kast. Hanne og eg kom på delt førsteplass med Jon og Karin. Vi brukte x-antal kast fra Studenterhytta og til Kopperdammen/Kobbarvatnet. Litt usikker på kva den heiter. Deretter gjekk vi tilbake mot studenterhytta. Forresten viktig og få med at Frisbee Cross Golf inkluderer bratte skråningar, myr og frisbee høgt høgt oppe i eit grantre. Takk til Karin som klatra opp og henta den! På vei tilbake så stoppa vi på ein parkeringsplass og spelte Dobbel Disc Court, ein særs kjekk frisbeevariant! Vel heime venta Solveig med nylaga potetball. Åt fort, fekk potetballsjokk = stappmett.
No sit eg her og ventar på at søndagsfilmen skal byrje. Gler meg. I morga er det skule igjen etter ei veke med fri. Det blir hardt!
Ynskjer alle ei god veke!

5 kommentarer:

Henrik sa...

heeeeey :D

sett slikt, kult å se at people er interaktive

Jon Olav sa...

Hei!
Kjekt å lesa!

Det hørtes ud som ein FLOTT søndag ja! Særlig frisbee-delen!

Ønsker deg åg ei flotte uga!

Marte sa...

Hei Elisabeth;)
Så kult at du studera teinespråk!! D huska e du snakka om for lenge sidn! Blir d døvetolk du vil bli da eller? E d et lengre studie?
Isåfall - som du kanskje leste så har e d kjempefint i Brasil!:) Men no må e jør portugisiskleksa mi:P Kos d masse i Trondheim!! Stor klem fra Marte:D

Møyfrid sa...

Hei Elisabeth!
Dumpa plutseligt innom bloggen din æg - så nå ska æg fylla m på k som skjer i bartebyen =)

Hørres ud som du trives - d e bra!

smil fra Møyfrid

Anonym sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.