25 desember 2006

Hva ser du søster, her på din stue?
En gammel, sur og besværlig frue?
Usikker på hånden og fjern i blikket?
Litt grisete og rotete hvor hun har ligget?
Du snakker høyt men hun hører deg ikke,
hun sikler og hoster, har snue og hikke.
Hun takker deg ikke for det du gjør,
men klager og syter, har dårlig humør.

Er det hva du tenker, er det hva du ser?
Lukk opp øynene og se, det er mer.
Nå skal jeg fortelle deg hvem jeg er,
den gamle damen som ligger her.

Jeg er en pike på 10 i et lykkelig hjem,
med foreldre og søsken, - jeg elsker dem.
Jeg er en ungmø på 16 med hjerte som banker,
av håp og drøm og romantiske tanker.
Jeg er brud på 20 med blussende kinn,
i mitt eget hjem går jeg lykkelig inn.
Jeg er en mor til små barn, jeg bygger et hjem,
og mot alt som er vondt vil jeg verne dem.
Og barna vokser med gråt og latter,
så blir de store, så er vi atter
to voksne alene som nyter freden.
Så blir vi femti og barnebarn kommer
og bringer uro og latter hver sommer.

Så dør min mann og jeg blir ensom med sorgen
og sitter alene fra kveld til morgen.
For barna har egne barn og hjem
det er så mye som opptar dem.
Borte er alle de gode år
de trygge, glade, vante kår.
Nå plukker alderen fjørene av meg,
min styrke, mitt mot blir snart tatt ifra meg.

Ryggen blir bøyd og øynene svikter, -
jeg har ikke krefter til dagens plikter.
Mitt hjerte er tungt og mitt hår er grått,
med hørselen skranter det og så smått.
Men inne bak skrøpeligheten finnes
det ennå meget vakkert å minnes.
Barndom, ungdom, sorger og gleder,
samliv, mennesker, tider og steder.
Når alderdomsbyrdene tynger meg ned,
så synger allikevel minnene med.
Men det som aller mest er tungt å bære,
er det at evig kan ingenting være!

Hva ser du søster?
En tung og senil og trett skrott?
Nei prøv en gang til - se bedre etter -
se om du kan finne
et barn, en brud, en mor, en kvinne!
Se meg som sitter der innerst inne.
Det er meg du må prøve å se - og finne.
Hva ser du søster?

Las første linjene av dette diktet på jobb i dag.
Har sitte å leita etter resten på nettet no.
Mange gode sanne ord!

24 desember 2006


1 I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. 4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, 5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. 6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7 og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad. 8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. 9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: 14 «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»

Luk 2,1–14

Med dette vil eg ynskje alle de som har lese på bloggen min i adventstida ei velsigna julehøgtid!
Kos dykk der de er, ta vare på familien, gled dykk over pakkane i kveld og all den gode maten.

Men mest av alt. Hugs også på å takke for at Jesus vart født, og kom til verda for at alle vi skal få evig liv!

Gledelig Jul!

23 desember 2006

Dagen før dagen.
Vart vekt ca ti av Georg, tidlegare nemnt her på bloggen, mitt fadderbarn. Han kom syngande inn på rommet mitt. Og eg, eg var trøytt!
Ein time seinare tusla eg ut og opp, og såg at juletrepyntinga var i full gang. Ivrige barnehender mot himmelen ljosa heldt! Og treet vart pynta det. Skikkelig fint. Men med god overvekt av pynt på eine sida, og ganske lavt nede. Flott uansett!

Vidare har vi ete laurdagsgrøt/julegrøt i dag. Mamma fekk mandelen, som alltid. Og haldt den skjult i munnen gjennom heile middagen. Smågutane åt godt og lenge utan å finne mandelen.
Nedtur. Heldigvis hadde mamma tre mandlar på lur, så alle vart glade og fornøgde.

No er klokka åtte, og eg og Solveig har nett laga peppermynte. Eit must for å få julestemning. Enkel oppskrift. 1 eggekvite, 2-3 dråpar peppermynteolje og melis til det blir ei god deig. Vidare lagar vi små kuler og pynter med bridgeblanding. Berre å sette i gang!

Men no ventar kveldsmaten. Juleetinga startar herved!

Georg 5 år og Erlend 9 år pynter - Fint tre ikkje sant?

22 desember 2006

Backgammon. Julespelet over alle julespel.
Og vi er i gang i den Haugenske familie.

Kan du dette spelet?
Det er det spelet som som oftast er på baksida av eit kinasjakk-, sjakk- eller ludobrett i slike spelmagasin. Det spelet ingen kan. Men eg kan det. Og eg likar det!

I kveld knuste eg Marianne, mi eldste søster, 2-0 i Backgammon. Og det kjentes godt. Som kanskje mange av de veit, er eg ei jente med eit godt utvikla konkurranseinstinkt. Eg vil kalle det velutvikla. Difor er det så godt å vinne. Det treng ikkje vere ein stor siger. Men alt som det kan konkurrerast om, bør verte konkurrert om. Utan tvil! Det er kjekt! Kjekt!

Vil du spele Backgammon med meg? :p


Denne utgåva er skremmande lik vår.
Berre at vi har den i svart, med magnetiske brikker.

21 desember 2006

I fred vil eg leggja meg ned og sova.
For du, Herre, einast du lèt meg kvila trygt.

Salme 4,9

Eg ynskjer alle ei god natt!

20 desember 2006

Då eg kom heim på juleferie, oppdagar eg til mi store forbausing at mamma har gått til innkjøpt av Sagavoll sitt siste tilskot i Sagavoll-kolleksjonen. Adventsserviettar er visst noko nytt som har kome til denne adventen. Eg takkar mamma for ei god glede då eg såg dette. Og heier på Sagavoll i fortsetjinga med utviklinga av nye Sagavollprodukt.


Her ser du Sagavoll sin nye adventsserviett. Kjem dei i julefargar og?

Og her er logoen som alle kjenner. Tim og Øyvind er på biletet.

19 desember 2006

Frans av Asissis bønn

Herre!
Gjør meg til et redskap for din fred.
La meg bringe kjærlighet der hatet råder.
La meg bringe tilgivelse der urett er begått.
La meg skape enighet der uenighet råder.
La meg bringe tro der tvilen råder.
La meg bringe sannhet der villfarelse råder.
La meg bringe lys der mørket ruger.
La meg bringe glede der sorg og tyngsel råder.

Å Mester!
La meg ikke søke så meget å bli trøstet som å trøste.
Ikke så meget å bli forstått som å forstå.
Ikke så meget å bli elsket som å elske.
For det er gjennom å gi at man får.
Det er ved å glemme seg selv at man finner seg selv.
Det er ved å tilgi andre at man selv får tilgivelse.
Og det er ved å dø at man oppstår til det evige liv.

Til denne bøna har eg berre ein ting å seie.
Amen!

18 desember 2006

Eg er rett og slett tom i hovudet. Men ein julekalender er ein julekalender. Eller er det betre å seie adventskalender? Eigentleg liker eg det ordet betre. Ja til advent før jul! Spenninga er jo der kvar dag i det ein opnar ei ny luke. Men ja, tom i hovudet. Eg er hos Heidi. Søstra mi. Ho er åtte år eldre enn meg, og er mor til Simen, 2 år. Mitt einaste tantebarn. Eit flott tantebarn, som trener mange timer i strekk kvar dag, for å greie det vanlege barn lærer berre ved å vekse. Eg synest Simen er tøff. Han har stor innsatsvilje!
Ein dag hos Simen består av spising, trening, rydding, trening, spising, spising, rydding, trening. Men også av kosing, prating, fliring, mestring, stoltheit og inspirasjon. Simen er helten!

17 desember 2006

Første vakt på sjukeheimen idag. Eller Sykkylven Bu- og Aktivitetssenter, dersom eg skal bruke det rette namnet. Starta klokka sju. Det er kriminelt tidleg, og dei lo av meg då eg kom på jobb. Eg kan ikkje fatte kvifor. Morgontryne eg?? Neppe.
Anyway. Sidan det var ei stund sidan eg hadde vore på jobb, faktisk 4,5 mnd så måtte eg jo presentere meg for alle pasientane.

Då går det som oftast slik:

Eg: - Hei! Eg heiter Elisabeth. Elisabeth Haugen. Takk for sist. Eg var her i sommer. Og no skal eg jobbe litt i jula. Korleis er det med deg?
Pasient: - Haugen? Sa du Haugen? Åååja. Er du døtra hass Haugen?! Det ser eg. Du likna på mor di, ho Olgunn.
Eg: - Hehe. Ja. Eg er døtra hass Haugen. Og ja, dei seier at eg liknar på ho mamma.

Men idag tok presentasjonen ein ny vri.

Eg: - Hei! Eg heiter Elisabeth. Elisabeth Haugen. Takk for sist. Eg var her i sommer. Og no skal eg jobbe litt i jula. Korleis er det med deg?
Pasienten: Ååja. Elisabeth. Prinsesse Elisabeth!

Eg har levd på denne kommentaren i dag. Fantastisk!
Dessutan fekk eg ein klem med ein pasient og.
Eldre folk er, til ei viss grad, herlige!

16 desember 2006


Happy feet!

I går var eg på kinodate med 3 brødre, som absolutt er brødre. Dette må vel vere himmel på jord for kva som ei helst slags jente. Eg storkoste meg i alle fall! At brødrene er 5 og 9 år gamle hadde absolutt ingen betydning. Alle gutar har noko å lære av desse.

Karl Johan 5 år: Elisabeth, så fine øyredobbar du har! Dei var stilige.
(For eit kompliment. Utrulig bra Karl Johan! Eg hadde jo til og med pynta meg! Hadde alle gutar vore så oppmerksomme!)

Georg 5 år: Elisabeth, du køyrer i 80, her er det 60!
(Oops. Men likevel er det kjempeviktig å seie frå dersom ein er ueinig i det som skjer..)

Tida går, men jula sin bodskap er fortsatt den samme. Erlend 9 år er Josef i samme julespel som eg spelte Maria i då eg var like gammal. Å høyre han ramse opp replikkane er like bra som den kransekakestanga, med sjokolade, som mamma akkurat kom å putta i munnen min. Gårsdagen var ein av fleire betre i seinare tid.

Eit lite parantes. (Eg frys alltid når eg er på kino. Det å kunne ha ein/to sprell levande
5-åring(ar) som teppe gjennom heile filmen er noko eg anbefalar. Dessutan er det svært koselig når ein lita hand vil halde i mi, evt. kosar med håret mitt. Eg diggar tre brødre som absolutt er brødre.)

Og enda eit. (Kor utrulig sjarmerande er det vel ikkje når ein kjem ut av kinosalen, og samtlige av dei tre gutane skal vise meg Happy Feet-dansen, = ein steppande pingvin. Søte! Det går opp for meg at eg har sakna fadderbarnet mitt og brødrene meir enn eg visste denne hausten.)

15 desember 2006

Betre seint enn aldri. Kanskje kan eg og seie seint, men godt. Det er det vel eigentleg opp til dykk å avgjere. Uansett.
Advent tyder jo ventetid, så i dag måtte de vente ekstra lenge på at eg skulle oppdatere bloggen min. Kanskje eg og skal fortelle kvifor?

Gårsdagens post proklamerte klart og tydeleg at eg skulle heim. Diverre kom eg meg aldri heilt heim. Mi første natt på Sunnmøre på 4 mnd vart hos Farfar, 89 år, i byen = Ålesund.
Rett og slett på grunn av at fergekaia var øydelagt på grunn av storm. Kjipt der og då. Veldig godt då eg etter å ha tatt taxi til farfar 89 år, (eg tok taxi!!!), vart møtt med åpne armar, eit godt smil og ein oppredd sofa!

Men ja. Då eg kom på ferga frå Molde til Vestnes låg Fjord1-magasinet og venta på meg. Eg lo godt då eg las denne ruta. Kanskje litt ekstra på grunn av at eg ei natt for ikkje lenge sidan, drømte om supermann. Kva dette tyder set eg eit aldri så lite spm-teikn ved. ?.

14 desember 2006

I dag skal eg heim.
Denne dagen har eg sett fram til i lengre tid. Har stor tru på at det skal bli godt å kome heim, spise mamma sin mat, vere saman med to stk gode foreldre og elles treffe vener. Ja, dei finnest i Sykkylven, berre i mindretal.
Men først venter skuleavslutning med klassa. Vi skal drikke gløgg, spise julekaker og drøse, på teiknspråk. Dette kallar eg høgt og godt høgskulenivå.

Sykkylven by night - Fotograf P.P. Lyshol

13 desember 2006


I går såg eg Veien til Betlehem, eller The Nativity Story, om du vil..
Eg synest det var ein kjempefilm. Fekk så mange nye vinklingar på juleevangeliet. Dessutan er det ekstra kjekt når nokon i filmen heiter det same som meg :p
Har du tenkt skikkeleg over dette nokon gong?

1. Maria var faktisk ordentlig gravid. Jesus var inne i magen hennar i 9 mnd.
2. Ho var ung. Faktisk veldig ung. Ikkje i forhold til kva som var vanleg i hennar kultur, men likevel..
3. Josef var ein skikkeleg bra kar. Han tok seg av Maria utan å vite korleis det skulle ende, heilt til han fekk møte ein engel i draume.

4. Jesus vart født utan navlestreng :p

I Vatikanet vart det ropa Halleluja då Jesus vart født på filmen. Og på Prinsen 7 vart det og oppstyr, men av heilt andre grunnar. På mi høgre side startar medisinstudentane Hans Jakob og Ole Kristian å diskutere den noko unaturlege fødselen. Gutar: Det er berre film! :)
I dag er det forresten Lucia-dagen. Då kan du bake lussekattar, oppskrift finn du her.

12 desember 2006

Lat Herren ta seg av alt ditt verk,
så skal planane dine lukkast.

Ordtøka 16,3

Dette er gode ord å ta med seg i ein travel kvardag.
Dessutan er det ikkje alltid like lett å forstå kva som er planen for kvar dag, resten av veka, månaden, og det er i alle fall ikkje lett å vite kor ein skal vere eit år fram i tid. Men så lenge fokuset er mot målet, så får ein alltid hjelp til å kome dit!

11 desember 2006

Dette er meg, eg har gule briller B-)
Det er fordi eg har spelt eit spel som heiter Brainstorm.
Vil du sjå fleire med gule briller, bør du sjekke Marianne sin blogg.


Spitzy. Oddvar i bakgrunnen, til ære for Jan Tore.

10 desember 2006






Aksjon Håp skal bekjempe urett ved å hjelpe mennesker i nød.

For pengene som samles inn til Aksjon Håp 2006 vil tusenvis av undertrykte og marginaliserte mennesker i mange av verdens fattigste land få håp om en bedre fremtid.

Aksjonens hovedmål er: Aksjon Håp skal samle inn 65 millioner kroner til bekjempelse av nød i land med stor fattigdom. Aksjon Håp vil gjennom en nasjonal bøsseaksjon andre søndag i advent 2006 (10. desember) samle inn 65 millioner kroner.

Og snart skal eg ut å gå med bøsse. Dersom eg ringer på di dør, håper eg du har kontantane klare!

09 desember 2006

Har du adventskalender? Ja, du har jo allereie ein, ved å lese her er du jo med på min adventskalender. Adventskalender er ein fin ting tykkjer eg. Ein har noko å glede seg til kvar dag, evt. 4. kvar dag slik som det var i min barndom. Då måtte eg dele med dei tre andre søstrene mine. Men etterkvart vart det betre. Tilslutt fekk eg opne kvar dag, slik er det å vere minst. Aller best var det det året då eg fekk puslespel i kalenderen, og mamma måtte gje Solveig mine puslespelbitar i pakkane hennar. Det var ekstra morosamt, slik er det også å vere minst.

I dag har eg ikkje mindre enn tre adventskalenderar. Eg har min eigen, som eg har fått med fadderbornet mitt, pluss brødrene hans. Eg har ein eg delar med Solveig. Den får vi opne annakvar dag. Det er stas. Eigentleg er det kjekkast å gi vekk. Spent på å sjå om ho likar det ho får. Men også kjekt å opne, og sjå kva eg får. Til no har eg fått julemannform, crocs-pynt, shampoo, fuktighetskrem.

I tillegg til desse to kalendarane har eg jo denne, som eg lagar sjølv. Til no har det vel kanskje vore like mykje uinteressant som interessant her på denne sida. Interessant er dessutan eit vanskelig ord å skrive. Det er så mange bokstavar som må kome i riktig mengde, og i riktig rekkefølgje.

Uansett. Eigentleg var planen at denne posten skulle handle om sang. Fordi eg nett har vore på julekonsert med kammerkoret Aurum. Kanskje blir sang temaet i morgon. Eg er glad i sang.

08 desember 2006

Men engelen sa til dei:
«Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket.
Luk 2, 10

Eg kan ikkje vente på gleda som skal kome. Jesus, juleferie, god mat, familie og gode vener! Jul er virkeleg ein bonus!

Gårsdagens produksjon. Slik er det når ein ikkje har eksamen.

07 desember 2006

Eg tykkjer denne teikninga var litt morosam..
Ha ein god dag!

06 desember 2006

Lyst til å bli lokomotivfører?
Denne plakaten ser eg kvar gong eg tek tog. Og det har vorte ganske ofte i det siste. Rett og slett fordi eg tek tog til skulen kvar onsdag og fredag, og elles når eg startar halv, slik som i dag.
På plakaten står det at lokomotivførerutdanning er ei utdanning som baner veg til etterspurt arbeidskraft. Skal tru om det er det eg skal satse på til neste år? Det er vel ei utdanning som må gå på skinner? Og ein treng vel heller ikkje engste seg for å havne på feil spor?
Men på den negative sida er lokomotivfører eit ganske utsett yrke. Skal ikkje mykje til før dørene lukkes. Nei. Eg trur kanskje ikkje dette er utdanninga for meg. Det blir nok noko anna. Det går alltid et tog.

05 desember 2006

Å være strerk er ikke å løpe rasketst, hoppe lengst eller løfte tyngst.
Det er ikke alltid å vinne, ha rett eller vite best.
Å være sterk er å se lyset når det som er mørkest, slåss for noe man tror på, selv om man ikke har flere krefter igjen.
Det er å se sannheten i øynene, selv om den er hard!

04 desember 2006

I solidaritet til skyteepisoden mot Synagoga i Oslo tidlegare i haust.
Har vi valt å dedikere årets pepperkakehus til Synagoga i Oslo.
Vi har sett inn nye vindauge, i staden for dei som vart øydelagd i skyteepisoda.
I tillegg har vi ansett bodyguards, og i tråd med likestillingslova, ein av kvart kjønn. Dessuan har dei minoritetsbakgrunn.
Fleire velutvikla tenåringsjenter har og sett seg villig til å fronte prosjektet.
Har du ei tilsvarande historie?
Vi (Solveig og eg) utfordrar med dette til solidaritetspepperkaketevling.


Nedtellinga har starta. 1 down, 6 to go. Som dei fantastiske?! husmødrene Solveig og eg er, har vi i dag mekka pepperkakehus. Med god hjelp av Øyvind, Solveigs stoltheit, fekk vi også pynta både pepperkaker og hus. Kreativitet, effektivitet og samarbeid er stikkord som kan beskrive denne økta. Imponert?

Når en pepperkake baker..

.. baker pepperkake kaker..

Finn en feil, vel sjølv.. (Øyvind er morosam)

03 desember 2006

adressa.no
Action på Singsaker. Og eg bur der. I natt har det vore actionpaction her! Endeleg kan eg skrive eit blogginnlegg som handlar om noko anna enn meg, og som faktisk kanskje er litt interessant :p
I alle fall, då eg kom heim i går var eg informert av Solveig (søstern), om at det var eit lite oppstyr rundt heimen vår. For to hus bortanfor var ei garasje tent på. Og ikkje langt unna var enno to brannar slokt i natt. Mistenkelig? Les meir her..

02 desember 2006


Dette er meg. Eg er ein hoppar! Og eg har KRIK t-skjorte på! Dette vil seie at eg har min eigen rollefigur, i eit dataspel utvikla av vår kjære sivilarbeidar på Sagavoll, Kjetil.

Dersom du har for mykje å gjere i eksamenstida, og treng litt avveksling. Så vil eg anbefale BLQ - Bingo Lies Quest. Eit dataspel for og om 05/06. Kullet som vant!
Dette er eit dataspel som kan forvekslast med Nintendo. Super Mario. Eg anbefalar det på det sterkaste! Enjoy.

Kan lastast ned her, sagavoll.com.

01 desember 2006

Velkommen til min lille adventskalender!
Tenkte ej skulle poste et eller anna nyttig eller unyttig kvar dag fram til jul. Ei glede for deg, og ei glede for meg!
Sidan eg har dårleg tid akkurat no, anbefaler eg å lade opp med Evangeliet etter Lukas, kapittel 2. Det er mitt lille tips når juleførebuinga set inn idag!
Ha ein flott 1. desember!