09 desember 2006

Har du adventskalender? Ja, du har jo allereie ein, ved å lese her er du jo med på min adventskalender. Adventskalender er ein fin ting tykkjer eg. Ein har noko å glede seg til kvar dag, evt. 4. kvar dag slik som det var i min barndom. Då måtte eg dele med dei tre andre søstrene mine. Men etterkvart vart det betre. Tilslutt fekk eg opne kvar dag, slik er det å vere minst. Aller best var det det året då eg fekk puslespel i kalenderen, og mamma måtte gje Solveig mine puslespelbitar i pakkane hennar. Det var ekstra morosamt, slik er det også å vere minst.

I dag har eg ikkje mindre enn tre adventskalenderar. Eg har min eigen, som eg har fått med fadderbornet mitt, pluss brødrene hans. Eg har ein eg delar med Solveig. Den får vi opne annakvar dag. Det er stas. Eigentleg er det kjekkast å gi vekk. Spent på å sjå om ho likar det ho får. Men også kjekt å opne, og sjå kva eg får. Til no har eg fått julemannform, crocs-pynt, shampoo, fuktighetskrem.

I tillegg til desse to kalendarane har eg jo denne, som eg lagar sjølv. Til no har det vel kanskje vore like mykje uinteressant som interessant her på denne sida. Interessant er dessutan eit vanskelig ord å skrive. Det er så mange bokstavar som må kome i riktig mengde, og i riktig rekkefølgje.

Uansett. Eigentleg var planen at denne posten skulle handle om sang. Fordi eg nett har vore på julekonsert med kammerkoret Aurum. Kanskje blir sang temaet i morgon. Eg er glad i sang.

Ingen kommentarer: