13 desember 2006


I går såg eg Veien til Betlehem, eller The Nativity Story, om du vil..
Eg synest det var ein kjempefilm. Fekk så mange nye vinklingar på juleevangeliet. Dessutan er det ekstra kjekt når nokon i filmen heiter det same som meg :p
Har du tenkt skikkeleg over dette nokon gong?

1. Maria var faktisk ordentlig gravid. Jesus var inne i magen hennar i 9 mnd.
2. Ho var ung. Faktisk veldig ung. Ikkje i forhold til kva som var vanleg i hennar kultur, men likevel..
3. Josef var ein skikkeleg bra kar. Han tok seg av Maria utan å vite korleis det skulle ende, heilt til han fekk møte ein engel i draume.

4. Jesus vart født utan navlestreng :p

I Vatikanet vart det ropa Halleluja då Jesus vart født på filmen. Og på Prinsen 7 vart det og oppstyr, men av heilt andre grunnar. På mi høgre side startar medisinstudentane Hans Jakob og Ole Kristian å diskutere den noko unaturlege fødselen. Gutar: Det er berre film! :)
I dag er det forresten Lucia-dagen. Då kan du bake lussekattar, oppskrift finn du her.

2 kommentarer:

Per sa...

Tenkte å leggja til eit par til punkt i lista di:
5.Headbanging er eit fenomen som oppstod i Jerusalem i dei tider Jesus blei født (du forstår viss du ser filmen)
6.Viss eg har rett, og det har eg som regel, var dei tre vise menn ganske morosame ;-)

Møyfrid sa...

Den filmen trur æg jammen meg æg ska sjå i helgå =) med den og julakonsert m sigvart dagsland, marta louise og christine guldbrandsen trur æg d kan bli ei meget bra helg, te tross for matteeksamen som vente på mandag! Ha en fin kveld snuppeline!