16 desember 2006


Happy feet!

I går var eg på kinodate med 3 brødre, som absolutt er brødre. Dette må vel vere himmel på jord for kva som ei helst slags jente. Eg storkoste meg i alle fall! At brødrene er 5 og 9 år gamle hadde absolutt ingen betydning. Alle gutar har noko å lære av desse.

Karl Johan 5 år: Elisabeth, så fine øyredobbar du har! Dei var stilige.
(For eit kompliment. Utrulig bra Karl Johan! Eg hadde jo til og med pynta meg! Hadde alle gutar vore så oppmerksomme!)

Georg 5 år: Elisabeth, du køyrer i 80, her er det 60!
(Oops. Men likevel er det kjempeviktig å seie frå dersom ein er ueinig i det som skjer..)

Tida går, men jula sin bodskap er fortsatt den samme. Erlend 9 år er Josef i samme julespel som eg spelte Maria i då eg var like gammal. Å høyre han ramse opp replikkane er like bra som den kransekakestanga, med sjokolade, som mamma akkurat kom å putta i munnen min. Gårsdagen var ein av fleire betre i seinare tid.

Eit lite parantes. (Eg frys alltid når eg er på kino. Det å kunne ha ein/to sprell levande
5-åring(ar) som teppe gjennom heile filmen er noko eg anbefalar. Dessutan er det svært koselig når ein lita hand vil halde i mi, evt. kosar med håret mitt. Eg diggar tre brødre som absolutt er brødre.)

Og enda eit. (Kor utrulig sjarmerande er det vel ikkje når ein kjem ut av kinosalen, og samtlige av dei tre gutane skal vise meg Happy Feet-dansen, = ein steppande pingvin. Søte! Det går opp for meg at eg har sakna fadderbarnet mitt og brødrene meir enn eg visste denne hausten.)

1 kommentar:

Anonym sa...

Man må begynne tidlig hvis man god sjarmør skal bli! :) godt jobba, Karl Johan!

Tusen takk for kniv,skei og gaffel!
Ikkje spis opp kransekakestengene....