18 desember 2006

Eg er rett og slett tom i hovudet. Men ein julekalender er ein julekalender. Eller er det betre å seie adventskalender? Eigentleg liker eg det ordet betre. Ja til advent før jul! Spenninga er jo der kvar dag i det ein opnar ei ny luke. Men ja, tom i hovudet. Eg er hos Heidi. Søstra mi. Ho er åtte år eldre enn meg, og er mor til Simen, 2 år. Mitt einaste tantebarn. Eit flott tantebarn, som trener mange timer i strekk kvar dag, for å greie det vanlege barn lærer berre ved å vekse. Eg synest Simen er tøff. Han har stor innsatsvilje!
Ein dag hos Simen består av spising, trening, rydding, trening, spising, spising, rydding, trening. Men også av kosing, prating, fliring, mestring, stoltheit og inspirasjon. Simen er helten!

1 kommentar:

Møyfrid sa...

Digge sånne som Simen! Jobba med en heile gjeng i sommar - å for nogen fantastiske folk =) Di sprer meir glede en 20 andre tesamen! Hils Simen å fortell han at æg syns at han æ kul - uden å ha møtt an!