15 desember 2006

Betre seint enn aldri. Kanskje kan eg og seie seint, men godt. Det er det vel eigentleg opp til dykk å avgjere. Uansett.
Advent tyder jo ventetid, så i dag måtte de vente ekstra lenge på at eg skulle oppdatere bloggen min. Kanskje eg og skal fortelle kvifor?

Gårsdagens post proklamerte klart og tydeleg at eg skulle heim. Diverre kom eg meg aldri heilt heim. Mi første natt på Sunnmøre på 4 mnd vart hos Farfar, 89 år, i byen = Ålesund.
Rett og slett på grunn av at fergekaia var øydelagt på grunn av storm. Kjipt der og då. Veldig godt då eg etter å ha tatt taxi til farfar 89 år, (eg tok taxi!!!), vart møtt med åpne armar, eit godt smil og ein oppredd sofa!

Men ja. Då eg kom på ferga frå Molde til Vestnes låg Fjord1-magasinet og venta på meg. Eg lo godt då eg las denne ruta. Kanskje litt ekstra på grunn av at eg ei natt for ikkje lenge sidan, drømte om supermann. Kva dette tyder set eg eit aldri så lite spm-teikn ved. ?.

Ingen kommentarer: