24 desember 2006


1 I dei dagane lét keisar Augustus lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. 2 Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria. 3 Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet. 4 Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt, 5 og skulle skriva seg der saman med Maria, som han var trulova med. Ho venta då barn. 6 Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda, 7 og ho fekk son sin, den førstefødde; ho sveipte han og la han i ei krubbe, for dei fann ikkje husrom nokon stad. 8 Det var nokre gjetarar der i området som var ute på markene og heldt vakt over flokken sin om natta. 9 Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle. 10 Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket. 11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren. 12 Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.» 13 Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song: 14 «Ære vere Gud i det høgste, og fred på jorda blant menneske som Gud har glede i!»

Luk 2,1–14

Med dette vil eg ynskje alle de som har lese på bloggen min i adventstida ei velsigna julehøgtid!
Kos dykk der de er, ta vare på familien, gled dykk over pakkane i kveld og all den gode maten.

Men mest av alt. Hugs også på å takke for at Jesus vart født, og kom til verda for at alle vi skal få evig liv!

Gledelig Jul!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Amen!

Møyfrid sa...

GOD JUL!