23 desember 2006

Dagen før dagen.
Vart vekt ca ti av Georg, tidlegare nemnt her på bloggen, mitt fadderbarn. Han kom syngande inn på rommet mitt. Og eg, eg var trøytt!
Ein time seinare tusla eg ut og opp, og såg at juletrepyntinga var i full gang. Ivrige barnehender mot himmelen ljosa heldt! Og treet vart pynta det. Skikkelig fint. Men med god overvekt av pynt på eine sida, og ganske lavt nede. Flott uansett!

Vidare har vi ete laurdagsgrøt/julegrøt i dag. Mamma fekk mandelen, som alltid. Og haldt den skjult i munnen gjennom heile middagen. Smågutane åt godt og lenge utan å finne mandelen.
Nedtur. Heldigvis hadde mamma tre mandlar på lur, så alle vart glade og fornøgde.

No er klokka åtte, og eg og Solveig har nett laga peppermynte. Eit must for å få julestemning. Enkel oppskrift. 1 eggekvite, 2-3 dråpar peppermynteolje og melis til det blir ei god deig. Vidare lagar vi små kuler og pynter med bridgeblanding. Berre å sette i gang!

Men no ventar kveldsmaten. Juleetinga startar herved!

Georg 5 år og Erlend 9 år pynter - Fint tre ikkje sant?

1 kommentar:

Marit sa...

heihei elisabeth :) den tradisjonen med peppermyntekuler har vi i min familie også, faktisk. Genialt, også så godt! Og fryktelig usunt, slik det skal være. hehe. veldig trivelig å komme tilbake på skolen igjen syns jeg!