17 desember 2006

Første vakt på sjukeheimen idag. Eller Sykkylven Bu- og Aktivitetssenter, dersom eg skal bruke det rette namnet. Starta klokka sju. Det er kriminelt tidleg, og dei lo av meg då eg kom på jobb. Eg kan ikkje fatte kvifor. Morgontryne eg?? Neppe.
Anyway. Sidan det var ei stund sidan eg hadde vore på jobb, faktisk 4,5 mnd så måtte eg jo presentere meg for alle pasientane.

Då går det som oftast slik:

Eg: - Hei! Eg heiter Elisabeth. Elisabeth Haugen. Takk for sist. Eg var her i sommer. Og no skal eg jobbe litt i jula. Korleis er det med deg?
Pasient: - Haugen? Sa du Haugen? Åååja. Er du døtra hass Haugen?! Det ser eg. Du likna på mor di, ho Olgunn.
Eg: - Hehe. Ja. Eg er døtra hass Haugen. Og ja, dei seier at eg liknar på ho mamma.

Men idag tok presentasjonen ein ny vri.

Eg: - Hei! Eg heiter Elisabeth. Elisabeth Haugen. Takk for sist. Eg var her i sommer. Og no skal eg jobbe litt i jula. Korleis er det med deg?
Pasienten: Ååja. Elisabeth. Prinsesse Elisabeth!

Eg har levd på denne kommentaren i dag. Fantastisk!
Dessutan fekk eg ein klem med ein pasient og.
Eldre folk er, til ei viss grad, herlige!

2 kommentarer:

Møyfrid sa...

Prinsesse Møyfrid hette æg på mitt russekort, sjøl om ingen he kallt meg prinsessa - du e heldige du prinsesse Elisabeth!

Elisabeth sa...

Ej hette Queen Elisabeth :)