14 desember 2006

I dag skal eg heim.
Denne dagen har eg sett fram til i lengre tid. Har stor tru på at det skal bli godt å kome heim, spise mamma sin mat, vere saman med to stk gode foreldre og elles treffe vener. Ja, dei finnest i Sykkylven, berre i mindretal.
Men først venter skuleavslutning med klassa. Vi skal drikke gløgg, spise julekaker og drøse, på teiknspråk. Dette kallar eg høgt og godt høgskulenivå.

Sykkylven by night - Fotograf P.P. Lyshol

5 kommentarer:

Lillian sa...

God ferie!:=)

Må sei at sykkylven tok seg godt ut på det bilde!

Anonym sa...

Då må du ha en riktig God Jul Elisabeth :)

hei so lenge!

OK sa...

Lyt Sykkylven fotograferast i mørkre for å vera vakker? Kjempeskeptisk

Øya mi er ei perle døgeret rundt, sjølv på ferjekaia. Berre sjå.

Anonym sa...

No hev ikkje eg for vane å blande meg inn i andre sine ordskifte. Men eg må i all audmjuke innrømme (i tillegg til at du hev eit godt poeng når det gjeld suspektgjeringa av den mørklagte bygdebildetakinga) at du, for å komme frå ei øy som marknadsførar seg sjølv med eit live-webkamera av den folketomme og forblåste fergjekaia (!) nok bles noko hard i basunen her Ole Kristan!

Elisabeth sa...

Sykkylven. Venleg, vill og VAKKER. Dette er Sykkylven sitt motto! Og eg synes at bygda er finast i mørkre om vinteren. Men om sommaren. Du skulle berre visst. Hjartleg velkomen på besøk til sommeren!