06 desember 2006

Lyst til å bli lokomotivfører?
Denne plakaten ser eg kvar gong eg tek tog. Og det har vorte ganske ofte i det siste. Rett og slett fordi eg tek tog til skulen kvar onsdag og fredag, og elles når eg startar halv, slik som i dag.
På plakaten står det at lokomotivførerutdanning er ei utdanning som baner veg til etterspurt arbeidskraft. Skal tru om det er det eg skal satse på til neste år? Det er vel ei utdanning som må gå på skinner? Og ein treng vel heller ikkje engste seg for å havne på feil spor?
Men på den negative sida er lokomotivfører eit ganske utsett yrke. Skal ikkje mykje til før dørene lukkes. Nei. Eg trur kanskje ikkje dette er utdanninga for meg. Det blir nok noko anna. Det går alltid et tog.

4 kommentarer:

Elisabeth sa...

Då eg venta på toget heim idag, kom det ein gammal mann fra Volda og sette seg ved sida av meg på benken. Så sa han desse visdomsorda: "Det går alltid eit tog, veit du! Det spørs berre når det går, og om det passar med dine planar.."

Anonym sa...

Der ser du. Gamle menn frå Volda brukar å vere kloke. Det seier i alle høve han Far. Kanskje det òg kunne vere greit å vite kvar toget går? Hopp ikkje på det første og største toget, før du hev lært det å kjenne og veit kvar det vil ta deg..

Nathalie sa...

Hehe, knakande goe vitsa Elisabeth :)

Jan Tore sa...

hehe... Et lite tips. Går jo an å satse på Oslo neste år!! De trenger sikkert førere på t-banen:) Så kan du være med på juleverksted etc...
Explore blir bra. Må bare be om snø nå!!